Haugesunds AvisNyheter
UTSIRA: Samfunnsmennesket Morten Harket har tenkt ein heil del på energi dei siste åra. Særleg på «gratis» energi frå sol, vind og bølgjer.
Det overforbruket av ikkje-fornybar energi med held på med, er alvorleg. Ein forskar samanlikna situasjonen med eit fly som tilsynelatende svever, men i virkeligheten har kræsj-kurs mot bakken. Om me ikkje gjer noko for å snu utviklinga, vil det enda gale.
Det er bakteppet, og som me må vega motvilje mot «visuell forsøpling» imot, seier Morten Harket.
Musikaren og songaren er lite imponert over Noreg sin innsats for å fremja miljøvennleg energi.
I forhold til andre land ligg Noreg langt bak når det gjeld å satse på utvikling av andre energikjelder enn vasskraft og fossilt brensel.
I 1987blei det lagt fram prognosar som sa at Noreg innen år 2000 kunne henta 812 Twh frå solvarme dersom ein innretta seg mot det.
I 1995 viste ein ny studie fra NVE at det var potensial til 25 Twh frå solvarme i Noreg innen 2030. Dette representerer 10% av vår årlige vannkraftproduksjon. Men me sa nei. Slik har Noreg sin «miljøprofil» sett ut lenge, seier Morten Harket.
Innvendinga mot solenergi var at Norge ikkje er eit land med sol. Det stemmer dårleg, for utan sol hadde me målt minus 273c her hjemme. Det er ikkje sola, men viljen som manglar her, meiner Harket.
Fredag var Morten Harket Hydro sin gjest på Utsira. Han ville læra meir om dei to vindmøllene på øya, og om bruken av hydrogen som lagringsmedium.
Det går nok tiår før hydrogen blir en økonomisk forsvarlig måte å mellomlagra energien på. Derfor er det viktig at det skjer ei forsking på feltet. Men mens me ventar på ei løysing med hydrogen, må me komme igang og ta i bruk heile spekteret av andre måtar å vinna ut og forvalta energien på, meiner Morten Harket.
Han nemner vind- og bølgjekraft i tillegg til sol.
Men aller viktigst er det å få ned forbruket. Med energiøkonomisering kan nye bygg, dersom me åpner for det, greia seg med fjerdeparten av energien som dagens konvensjonelle hus treng.
Det er samfunnet som må leggja føringane for at så skjer, seier han.
Kven er det som motarbeider ei slik utvikling?
Dei som eig vasskraft, olje og gass har økonomisk interesse for at desse blir brukte. Blant vanlege menneske kan det finnast ein skepsis til negative verknader av til dømes vindmøller.
Men det er ofte snakk om små inngrep i naturen, i forhold til vegar, dammar, kraftlinjer og andre ting me har gjort for å skaffa vasskraft.
For ikkje å snakka om kva me aksepterer av vegar, støy og luftureining frå trafikken, seier Morten Harket.
Publisert lørdag 20. mai 2006 kl. 00:00.
Sist oppdatert lørdag 20. mai 2006 kl. 09:13.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Innsida.no
Lokalavisa i Sunnhordland.
Ut24
Planlegg fritiden din.
Reisemeldinger
Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.
TV-Guiden
Dette bør du få med deg.
Siste ukes annonser
Her kan du søke opp siste ukens papirannonser
Dagens leder
Les dagens leder fra Haugesunds Avis.