Slepebåten fraktar to containerkranar frå Dubai til Vest-Afrika.

To “Eide-skip” forbi piratområdet

Eide Marine Services sine skip “Eide Traveler” og “Eide Trader” skal gjennom Suezkanalen og passera Adenbukta.

Annonse
Annonse

KVINNHERAD: Slepebåten “Eide Traveler” er på veg frå Dubai til Vest-Afrika. På slep har skipet to containerkranar.

Administrerande direktør i Eide Marine Services, Georg Eide, ønskjer verken å svara på kven som eig containerkranane, eller kor “Eide Travelet” nå er. Etter det Haugesunds Avis erfarer er skipet nå utanfor kysten til Somalia.

– Så langt har alt gått greitt, men det er ein “galen” situasjon der nede. Piratane er snart over heile havet, og det er rart at ikkje norske myndigheiter får norske marinebåtar inn der, seier Georg Eide.

Går sakte

– Vurderte de å gå rundt Afrika i staden for gjennom Suezkanalen?

– Det er fraktaren som bestemmer seglingsruta. Dessutan blir båtar tatt langs Afrikakysten også, seier Eide.

Farten slepebåten “Eide Traveler” går med, varierer frå fem til sju knop.

– Gjer det “Eide Traveler” meir utsett for piratangrep?

– Eg veit ikkje. Det verkar som om det er tilfeldig kven dei tar, seier Eide.

Har rutinar

Kapteinen på “Eide Traveler” er norsk, og mannskapet er filippinsk. Georg Eide ønskjer ikkje å seia kor mange som er om bord i båten. Eide Marine Services har med jamne mellomrom båtar som må passera Suezkanalen. Dei har difor klare rutinar for båtar når dei er i område i nærleiken av Adenbukta.

– Båtane har meldeplikt til organ som er i området for å følgja med og beskytta, seier Eide. Han er dagleg i kontakt med kapteinen.

Transportfartøyet “Eide Trader” skal også gjennom Suezkanalen om kort tid.

Skipet fraktar svenske marinefartøy som skal delta i operasjonar på Afrikas austkyst.

– Dette skipet har med tungt væpna soldatar, seier Eide.

 

Siste nytt

DEN TREDJE BRANNEN PÅ FÅ DAGER:

Jakter på brannstifter

Politiet ber publikum være oppmerksomme og melde fra om mistenkelig aktivitet.

DEN TREDJE BRANNEN PÅ FÅ DAGER:

Jakter på brannstifter

Politiet ber publikum være oppmerksomme og melde fra om mistenkelig aktivitet.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.