HØG SATSING:Coast Air-sjef Kjell Fredheim går dristig til verks for å få flyselskapet på fote. Kastrup neste for ATR-maskinen med plass til 48 passasjerar.

To daglege ruter til København

Frå 6. august får flyreisande på Haugalandet direkte samband til heile verda via Kastrup. Coast Air trør like godt til med to daglege ruter sju dagar i veka til den danske hovudstaden.

KARMØY: SAS har prøvd det tidlegare (1999), men utan å lukkast. Coast Air-sjef Kjell Fredheim vedgår at København-ruta er tøff satsing, men har god tru på å lukkast.

– SAS sine rutetider passa ikkje publikum. Me legg opp til ein tidleg avgang frå Haugesund og retur på formiddagen, og ei ettermiddagsrute med retur på kvelden. Dermed fangar me opp både internasjonal forretningsreisande og gjer det attraktivt for turisttrafikken og lokalmarknaden som vil besøka storbyen København, seier Fredheim.

Coast Air har vurdert både London, Amsterdam og Frankfurt som internasjonal destinasjon, men landa på Kastrup, som med sitt knutepunkt høver svært godt for kombinasjonen business/turistreiser. Selskapet vil lokka med kampanjeprisar på 525 kroner inkludert skattar og avgifter for ein veg.

Tidenes satsing

Knappe fire månader etter at Kjell Fredheim blei hanka inn for å få det kriseramma flyselskapet på beina, lanserer han tidenes satsing i Coast Air. Selskapet har alt vore gjennom omfattande rasjonalisering og tiltak både internt og eksternt, og tar nå steget fullt ut i eit forsøk på å få opp inntektene og økonomien skikkeleg friskmeldt

– All ære til vår eigar Trygve Seglem som er med på dette. Personleg meiner eg me skal få dette til sjølv om det kan ta opptil halvtanna år å få ruta lønnsam. Eg både trur og håpar at næringslivet i Haugesund og i heile regionen vil nytta tilbodet. I tillegg bør dette vera attraktivt for folk som vil på storbyferie, som eit alternativ til London, seier han.

Coast Air vil i løpet av nokre månader ha redusert si bemanning frå 104 til vel 80 tilsette, men flyparken er den same. Den nye ruta skal gjennomførast innanfor eksisterande ressursar. Tre fly av det miljøvennlege turbo-prop-typen ATR 42-320 med 48 sete skal setjast inn i den nye København-ruta. Flya skal i løpet av sommaren gjennomgå ei oppgradering for blant anna å gjera cabinane betre.

Tilpassa ruter

Flyturen til Kastrup tar rundt halvannan time. Den første avgangen frå Haugesund Lufthavn Karmøy får avgangstid kl 06.15, med retur kl 10.30. Dermed kan Coast Air samla opp Europa-trafikken på veg til Haugesund. Ettermiddagsflyet går kl 16.45 og returnerer til Haugesund kl 21.50. Også denne er tilpassa den internasjonale trafikken inn til Kastrup.

– Kor mange reisande er ruta basert på?

– Me trenge ein kabinfaktor på mellom 55 og 60 prosent, eller rundt 30 passasjerar i snitt per tur, svarer Fredheim.

Flya blir delte i to klassar; ein turistklasse framme og ein "super economy" bak i flyet (ettersom flytypen har utgang i bakpartiet). Coast Air har alt innført gratis frukost til alle og vil vidareføra dette på den nye ruta. På "super economy" er all servering inkludert i billetten, medan reisande på turistklasse får høve til å handla det dei treng.

– Må våga

I tillegg til marknadsanalyse er Coast Air si nye København-satsing basert på det faktum at transittt på Gardermoen frå utlandet blir opplevd som kronglete, På Kastrup er transitten både enkel og smidig. Via internasjonale avtalar kan det vesle flyselskapet tilby gjennomgangsprisar for vidare flyging, som også betyr at passasjeren kan ta heile innsjekkinga i Haugesund.

Døme på slike prisar er: Haugesund – Madrid kr 955,00 og Haugesund–Milano 965 kroner (+ avgifter),

– At Coast Air nå tar steget ut i verda til eit stort internasjonalt knutepunkt med slik tyngde, vil nok vurderast som ei dristig satsing. Men av og til må du våga for å vinna. Går dette bra, kan det vera grunnlag for å sjå på fleire internasjonale destinasjonar, sluttar Kjell Fredheim

 
()

Les Haugesunds Avis som eAvis eller bestill abonnement.