To mot ein

Ein fest eskalerte til eit heftig slagsmål. No må to bømlingar i 20-åra sona 90 dagar i fengsel.

Annonse
Annonse

BØMLO: Dei to kompisane inviterte ein kar dei kjende frå før til nachspiel i fjor sommar, men bad han forlata festen etter kort tid, fordi dei meinte han oppførte seg ufint.

Facebook-knapp kommer her

Festdeltakaren var på si side ikkje lysten på å avslutta kvelden, og kom med truslar om hemn og drap mot dei to nachspielvertane. Han gjekk så utanfor huset og gøymde seg i ei grøft. Då dei to vertane gjekk ut for å sjekka at han hadde gått, hoppa den forsmådde gjesten fram, og delte ut to knyttneveslag.

Det førte til eit slagsmål som varte rundt ti minuttar, der slag og spark blei tildelt begge vegar. Etter dette skal gjesten ha trekt seg vekk, men ramla. Då kom dei to etter, og slagsmålet heldt fram. Etter ei stund kom gjesten seg unna, og blei funnen av ei kvinne som tilkalla ambulanse.

Dei to mennene hevda i retten at dei handla i nødverje. Retten var samde i at det ved det første slaget var ein nødvergesituasjon, men at dei haldt fram med å sparka og slå karen. I straffeskjerpande retning la retten vekt på at det var to mot ein i slåstkampen, og at dei to mennene sparka mot gjesten medan han låg nede.

Nachspielgjesten må og møta opp i retten, tiltalt for truslar og vald som følgje av slagsmålet.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.