Trur på publikumsrekord
Om to dagar startar Vikedal Roots Music Festival, den tiande i rekka. Festivalsjefen har tru på at festivalen vil nå ny publikumsrekord.
VIKEDAL: - Eg veit ikkje kor mange billettar som så langt er blitt selde til årets festival. Billettane blir selde fleire stader og først dagen då festivalen startar sjekkar eg kor mange billettar som er blitt selde på førehand. Folk på Haugalandet kjøper ofte billettar i døra, det opplever både me og fleire andre som arrangerer festival i distriktet. Kvifor det er slik er eg ikkje sikker på, seier festivalsjef Anne Cecilie Berentsen.
I fjor hadde Vikedal Roots Music Festival ca. 7000 besøkande og sett saman med Zporty festivalen og Sommarfestivalen, som blir arrangert like etter Rootsen, var besøkstalet omtrent 15.000.
Risikosport
- Me trur det vil bli ny publikumsrekord i år, både når me ser på Rootsen isolert og når me ser på dei tre festivalane samla. Dette trur me fordi me har eit sterkt program og på Rootsen har me aldri tidlegare hatt så mange konsertar som det me har i år. I tillegg har alle dei tre festivalane vakse årleg. Me har tru på at det kjem mange folk og har fått melding frå campingplassar i bygda om at dei i år opplever større pågang enn tidlegare, seier Anne Cecilie Berentsen.
- I år har me engasjert nesten 50 fleire artistar enn på festivalen for to år sidan. Me har over fleire år opparbeida oss overskot og på grunn av moglegheitene det gir oss og at me har ti års jubileum i år, satsar me større. Men festivalar vil alltid vera risikosport, små marginar skal til og det kan tippa begge vegar, seier festivalsjefen.