SNART KLART: Her, i skogkanten bak tunnelpådrivarane Victor Carlsen jr. og Amund Enge kjem truleg tunnelinnslaget i den 4,7 km lange Skånevikstunnelen til Etne.

- Tunnel om fem år

Victor Carlsen jr. er ikkje sekretær for stiftinga Skånevikstunnelen A/S for ingenting: Han trur me kan kjøra i tunnel mellom Skånevik og Etne om fem år.

Annonse
Annonse

SKÅNEVIK: Fredag var det politikarar og rådmenn i Haugalandrådet, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Hardangerrådet som fekk høyra Carlsens optimistiske bodskap om ein tunnel som skal gje ei fartstid på fire og eit halvt minutt mellom Skånevik og Etne (mot snaue halvtimen i dag).

– Torsdag i neste veke blir det eit historisk møte i Etne tinghus. Då møtest stiftinga, ingeniørfirmaet Akvator, vegvesenet med plansjef Magnus Fredheim i spissen og kommunen for første gong. Eg veit eg er optimistisk, men eg sa til regionpolitikarane i dag at dersom alt går på skinner, kjører me bil i tunnel mellom Skånevik og Etne to år før me har veg mellom Sauda og Stordalen (i 2014)!

Ikkje snau

For 15 år sidan, den gongen skåneviksbuen mellombels mista motet, var tunnelen kostnadsrekna til 80 millionar kroner.

– Men Turid Straumsøy skal ha ros for at ho, då ho var dagleg leiar i Skånevik idrettshall, blåste nytt liv i tunnelplanane for eit par år sidan, seier Carlsen jr. No er tunnellen kostsnadsrekna til mellom 350 og 400 millionar kroner.

– Me kan ikkje leva berre av turisme i Skånevik og me har nesten 300 industriarbeidsplassar her. Me må opna bygda. Ein 4.7 km lang tunnell vil erstatta 27 km med omkøyring. Dessutan er tunnelen viktig for den indre stamveg mellom Ryfylke, Etne, Kvinnherad og Bergen.

Fem år

Skånevikstunnelen er ikkje inne på nokon vegplan, men han er med på ein plan over bompengerealiserte prosjekt i 2025.

– Ingen av oss har tid til å venta til 2025, sa Victor Carlsen jr. til politikarane. Målsettinga er å gjera reguleringsplanen ferdig neste år og ha finansieringa på plass i 2009. Då kan me sleppa bilar i tunnelen i 2012, to år før den nye Etne – Saudavegen er ferdig, sa Carlsen jr.

– Kor gammal er du i 2012?

– Då er eg 74 år og framleis køyrbar, håpar eg.

sigmund. hansen[AT]haugesunds-avis.no

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.