I går kveld, i ein stor salve, blei den rasfarlege Tungesviktunnelen på Rv 48 mellom Håland og Skånevik sprengt. Fjellet i området er så elendig at vegvesenet fann å måtta fjerna heile tunnelen.
Tunnelen sprengt
Han ramla saman i ei einaste salve, Tungesviktunnelen på Rv 48 på Skåneviksvegen over Håland.
ETNE: Det var klokka 19.30 i går kveld at ei samla dynamitt-salve sprengde 2.000 kubikk fjell og la den rasfarlege tunnelen «krasafaren» som ein stor steinhaug på riks- vegen.
– Salva gjekk fint av. No står reinskinga att, seier Haldor Ebne i Skånevikstrand Maskinstasjon. Dei utfører arbeidet for Statens vegvesen.
Byggjeleiar i vegvesenet, Asbjørn Opedal, seier at arbeidet med å lasta ut steinmassane i vegen ikkje er einaste omsynet under det vidare arbeidet med å reinska opp.
– Fjellet er mildast tala elendig og me har store utfordringar med fjellsikring. Difor er det umuleg å seia når vegen er køyrbar att.
– De har tidlegare sagt at vegen er open frå fredag 25. september?
– Det kan bli tidlegare eller seinare. Det avheng av kor mykje tid fjellsikringa vil ta.