Peter og Maximilian Rost har ingenting imot å føra dagbok på den daglege fangsten.
Tyskarar lagar fangstdagbok
Frå mørketal og spekulasjonar til flittig fiskenotering. Står mytane om norsk fisketurisme for fall?
BØMLO: Det er berre positivt at me som fisketuristar kan vera med på å sikra framtida for fisken i sjøen. Det er jo i vår interesse også, seier Peter Rost frå Tyskland. Eit pilotprosjekt der fisketuristane langs norskekysten fører fangstdagbok er sparka i gong i år.
Mørketal
Trass i 10-15 års utvikling og vekst i norsk fisketurisme, har eit aukande tal på bedrifter aldri vore pålagt å rapportera fangstane til myndigheitene. Næring og forvaltning har vassa i spekulasjonar og mørkefall.
Havforskningsinstituttet ønskjer å auka kunnskapen om kystfiskeriet gjennom rapportering frå bedrifter som leiger ut båtar til turistfiskarar.
I fjor starta dei så smått med prosjektet "fangstdagbok for turistar". I år er rundt 50 bedrifter med. Sjåneset Rorbuferie ved Langevåg på Bømlo er ein av dei.
Det er mykje skrik om at tyskarane tek all fisken, no kan me få dokumentert korleis det eigentleg her, seier Georg Lønning.
Turistane positive
Lønning begynte å dela ut skjema til sine turistar i mai. Kvar dag registrerer turistfiskarane fangsten på eit skjema, der dei presiserer kva type fisk dei får. Utleigar har ansvar for å registrera dette i ei fangstdagbok på nettet eller å senda fiskeskjema vidare.
Det er ingen som har sagt nei, fortel Lønning. Han meiner det er nokon få som øydelegg for andre.
Du har framleis dei som tar med store fryseboksar og fyller opp, men dei fleste er like interessert i å halda på fiskebestanden som oss, seier han.
Ikkje hamstring
Tyske Peter Rost er ihuga fiskeentusiast og ein av dei som har fått eit skjema i hendene i år.
Heime i Tyskland må me også fylla ut fangstskjema, fortel han.
Grensa for fisk han kan ta med seg heim er 15 kilo fiskefilet. I tillegg til ein skikkeleg troféfisk.
Me er ikkje i Norge for å hamstra fisk for å selja heime. Interessa vår er aktiviteten fisking, seier Rost.
I desse dagar er dei innlosjert i Langevåg saman med sonen Maximilian og ein liten kameratgjeng. Mellom formiddagsturen og ettermiddagsturen tar karane seg ein kvil i rorbua, før ny dyst på sjøen.
Aller helst vil me ha kveite på kroken, seier Rost.
Den er det mest kamp med, smiler han.