Astrid Kjellevold Steinsland og Hilde Økland gler seg til årets nyskapingskonferanse.

Ungt og grønt

Det er stikkord når Nyskapingskonferansen går av stabelen i dag.

Annonse
Annonse

STORD: – Grøn innovasjon er eit naturleg og framtidsretta val, seier Astrid Kjellevold Steinsland i Industrinettverket VIS.

Saman med SNU og Stord Næringsråd står dei bak Nyskapingskonferansen som i år har grøn innovasjon og ungt entreprenørskap som tema.

– Interessa har vore veldig bra. Me reknar med at det blir fullt med rundt 110 deltakarar, seier Hege Økland i SNU.

– Grøn innovasjon er eit tema alle er opptekne av. Dette er ein veldig industritung region, der aktørane har vore veldig flinke til å omstilla seg tidlegare, seier Økland. Ho kan blant anna visa til foredrag om Sør-Norge Aluminium si satsing på kolkraft, og Aker Solutions sine planar om å byggja eit demonstrasjonsanlegg på Kårstø som skal visa korleis teknologien kan fanga opp koldioksid frå eksosen frå kolkraftverket på gassterminalen.

Besøk av pengedoktoren

Hovudmålgruppa for arrangørane er personar som går med ein gründer i magen. Ei som sjølv har gründerbakgrunn, og som mellom anna har skrive bok med tips for andre gründerar er foredragshaldaren Agnes Bergo.

– Ho er kjend gjennom føretaket sitt Pengedoktoren og kan komma med nyttig informasjon for dei som ønskjer å starta for seg sjølv, seier Økland. Nytt for året er ein konkurranse for ungdomsbedrifter frå dei vidaregåande skulane i Sunnhordland.

20.000 til elevbedrifter

To prisar på 10.000 kroner kvar vil i år bli delt ut til ungdomsbedrifter. Den eine prisen går til ungdomsbedrifta med den beste ideen, medan den andre prisen går på forretningsutvikling.

– Dette gjer me fordi me ynskjer å setja fokus på ungt entreprenørskap. Tal viser at ungdommar som gjennomfører konseptet ungdomsbedrift i langt større grad enn andre, etablerar eiga verksemd seinare i livet, seier Kjellevold Steinsland.

Intensjonen er at konkurransen skal bli ei årleg hending som kan vera motiverande for ungdommane.

Nettverksbygging

Tidlegare år har størstedelen av deltakarane på konferansen vore frå den eksisterande industrien.

– I år har me og fått ein del gründerar gjennom SNU og Industrinettverket VIS på deltakarlista, fortel Økland. I tillegg til fagleg inspirasjon legg arrangørane vekt på at konferansen skal vera eit forum der unge gründerar kan byggja nettverk.

– Det blir grillmiddag ute, og gode pausar der deltakarane får tid til å prata med kvarandre, fortel Økland. Nyskapingskonferansen på Høgskulen på Stord, byr også på musikkinnslag.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.