Våt og vindfull folkefest på Halsnøy
Laurdag var det ikkje fyrst og fremst kvinnedagen som vart feira på Halsnøy. Det var dagen øya fekk veg til fastlandet.
Synnøve Solbakken skar snora og tunnelen var opna. Ho er flankert av fylkesordførar Synnøve Handeland og regionvegsjef Olav Ellevset.
Bilete av alle halsnøybuar ønskjer velkommen, og manar til forsiktig kjøring.
Ingen tvil om at dette var ein festdag på Halsnøy.
Tekst: Magne Fitjar
KVINNERAD: Tofte på Halsnøy, laurdag 8. mars 2008, klokka 14.04: Ordførar Synnøve Solbakken skar over snora til det nye Halsnøysambandet. I stridregnet var ho staseleg flankert av varaordførar Synnøve Han-deland, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, prosjektleiar Bjarne Lysberg og regionvegsjef Olav Ellevset. Alle var godt skjerma av paraply eller hatt, noko ikkje alle dei vel 1.500 andre frammøtte hadde å verna seg med.
På førehand hadde bussar gått i skytteltrafikk frå Husnes til Sæbøvik, og Folketoget gjekk gjennom Sæbøvik frå Øyatun skule til bedehuset Zoar på Tofte, der opningsseremonien fann stad frå kl. 13.30
Med valne fingrar spelte musikklaga frå Høylandsbygd og Fjelberg, medan dirigenten samla saman notane mellom vindrosene, med jakkeslaga opne for vêr og vind, heilt til ei dame i nærleiken forbarma seg med paraply over så vel dirigent som notestativ.
Musikkelevar ved Sunnhordland Folkehøgskule urframførte sitt eige verk "Tunnellyd", medan leiar i Naturvernforbundet i Kvinnherad, Dagny Fuglø, meinte å vita at vêrgudane hadde for vane å gråta ein skvett når dei hadde grunn til det.
Ein stor dag
Med eit stolt smil formidla ordførar Synnøve Solbakken på vegner av mange som hadde teke turen til øya:
Me frå fastlandet gler oss i dag!
Vêret klarer ikkje skjula det vakre landskapet her på Halsn-øy, danna av alle lausmassane som gjer at øya bølgjer seg framfor oss, i eit landskap eg som trønder kjenner med igjen i, sa regionvegsjef Olav Ellevset, og kalla øya "Sunnhordlands perle".
Skår i gleda
Saman med prosjektleiar Bjarne Lysberg var han inne på vegstandarden på øya, og mana til overhalding av dei nedsette fartsgrensene til vegen får si tiltrengde utbetring.
Det er ikkje pengar i prosjektet til utbetring av halsnøyvegane no; det er klart det er eit skår i gleda. Frykta for ulykker er stor og vi arbeider for å få pen-gar til utbetringa, sa Ellevset.
Dagny Fuglø frå Naturvernforbundet meinte vegvalet over øya ville føra til at tungtrafikken skadar det sårbare området og murane ved Halsnøy Kloster.
Mange pådrivarar
Ein av pådrivarane for Halsnøysambandet, som for alvor vart drive fram frå midten av åtti- talet, er Gerhard Eide som las prolog for dagen, med historisk tilbakeblikk.
Mellom eldsjelene nemnde han tre kvinnheringar som sjølve ikkje fekk oppleva denne dagen: Henrik Emmerhoff, Jens Arnesen og Aksel Kloster. Og bak dei den allmektige, tidlegare vegsjefen i Hordaland, Josef Martinsen.
Ivrige halsnøybuar la straks etter opninga ut på sin første landfaste kjøretur frå heimetrappa, i ei lang lang rekke.
På vegen tilbake rauk det med ein hundrelapp i autopasskontrollen. Det skumle med det er at rekninga blir ettersend. Men det var tre kroner spart i forhold til ferjebilletten, sidan vi hadde med ein passasjer.