VINTER: - Det er dels ustabile høve i snøen. Folk som skal ut må vera forsiktige, det kan vera mykje laus rennsø nede med bakken, seier skredekspert Steinar Bakkehø i ved Norges Geotekniske Institutt.
Han viser til at det har vore kuldegrader over 800 meter heile tida og at det har kome tørr snø der no. Der nedbøren har kome som kraftig regn har snøen no stabilisert seg.
- Ein må vera forsiktig og halde seg unna bratte fjellsider og stader der det ligg mykje snø og er brattare enn 28 til 30 grader, forklarar Bakkehøi.
Gå på fjellryggane
Både han og Merete Habberstad i Turistforeningen rådar folk til å halde seg unna overheng og heller gå på fjellryggane. Habberstad legg til at skråningar kan gli ut.
- I forhold som no som no når det snødd veldig mykje og vore ein del vind, som bidrar til å skapa leheng, temperaturendring der det vert mildare kan det fort skli ut, opplysar Habberstad.
Bakkehøi viser og til at ein må vera varsam når ein går på flat mark fordi at ein også då kan utløyse skred.
Snømengder
Sjølv om det har vore mykje snø i byar og tettstader i år, er det ikkje spesielt mykje snø i fjellet. Likevel meiner skredeksperten det er all grunn til å vera forsiktig når ein ferdast i fjellheimen.
- Det er ikkje alltid samanheng mellom skredfare og snømengder. Det kan godt vera ustabile høve sjølv om ikkje er mykje snø i fjellet, seier Bakkehøi.
Han opplevde rekordmykje snø i fjellet i 1976, men fortel at det då ikkje var all verda av skred.
- Andre ganger er det mange skred når det er kraftig snøfall, stadfestar Bakkehøi.
På
snoskred.no kan du få meir oppdatert informasjon som er med å gjera turen tryggare.