hårteigen: Turen til Hårteigen vert litt enklare når ein kan ta bussen til Dyranut som ligg langs Riksveg 7. Arkivfoto: Hardanger Naturvernsenter
Viddabuss er i rute
Eit nytt busstilbod gjer både korte og lange turar på Hardangervidda enklare.
HARDANGERVIDDA: – Den gjer at ein kan planleggja heilt annleis. Det opnar for turar frå to til fem-seks dagar, der ein slipp å ta rundturen, men kan enda kvar som helst, seier Jan Tyssebotn, vert på Sandhaug Turisthytta.
Til midten av august har Viddabussen avgang frå Tinnhølen og Dyranut to gonger om dagen, alle dagar utanom laurdag. I vekene etter går bussen fredag og søndag, men det er mulegheit for ekstraturar i heile tidsrommet.
– Ein fin tur er å gå frå Tinnhølen og til Kinsarvik. Går ein om Litlos er det ein tur på tre-fire dagar, forklarar Tyssebotn.
Turen frå Litlos til Torehytta er så kort at ein då og rekk ein tur på Hårteigen, som er det høgste punktet på Hardangervidda.
Viddabussen korresponderer med Geilobussen og opnar dermed for at ein kan setja frå seg bilen fleire stader. Tyssebotn er blant initiativtakarane.
– Det er eit spleiselag mellom DNT Oslo, DNT Drammen, DNT Oppland, Bergen turlag, Eidfjord utvikling, Sandhaug, Rauhelleren, Litlos, Besso og Sandhaug turisthytter, forklarar han.