SKADEDYR:

SKADEDYR: Rogaland Sau og geit fryktar jerven sine herjingar (ARKVFOTO: Scanpix)

Vil fella to jervar

Rogaland Sau og Geit søkjer om løyve til skadedyrfelling av to jervar i Ryfylkeheiane og tilgrensande område.

Annonse
KADAVAR:

KADAVAR: Slik ser ein sau ut etter at jerven har herja.

Annonse

ROVDYR:  I ein søknad til Fylkesmannen skriv Rogaland Sau og Geit at Sør-Vestlandet i mange år har vore ein freda plett når det gjeld problematikken kring større rovdyr og tap av beitedyr og vilt.

- Dette er ekstra viktig så lenge denne landsdelen, med Rogaland fylke som den tyngste aktøren (ca 20 % av landets samla sauetal åleine), utan samanlikning har mest sau på utmarksbeite. Difor vil og ei vidare utvikling av det vi har sett på rovdyrfronten kunne få dramatiske følger for beitebruken i utmarka, heiter det vidare i søknaden.

Dei viser så til at jerv har ferdast i områda dei siste fem-seks åra, men at dei manglar tilstrekkeleg dokumentasjon for å slå fast at dei har drepe dyr, sjølv om dei meiner det ser slik ut.

For eit år sidan jakta ein på jerv i Ryfylkeheiane utan hell.

Vidare skriv Rogaland Sau og geit at gaupa er fast etablert i alle fastlandskommunane i Ryfylke.

 - Det blir og registrert årvisse tap av beitedyr, men her som elles er dokumentasjon den store utfordringa. Etter det vi kjenner til, er det så langt berre nedlagt to gauper i Ryfylke, begge i Suldal kommune. Her har og dei dokumenterte tapa vore størst. skriv bøndene.

Sauenæringa i Rogaland er urolege over situasjonen på rovdyrsida.

- Jerven har blitt eit fast innslag i faunaen i våre nærliggjande beiteområde. Dette oppfattar Rogaland Sau og Geit og vera i strid med Stortinget sin vedtekne rovdyrpolitikk, heilt unødvendig med sikte på og bevara jerven som dyreslag på landsbasis, og svært uheldig med sikte på ei vidare positiv utvikling for sauenæringa i fylket, avsluttar styreleiar Ole Johnny Espevold.

 

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.