Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Vil ha omkamp om konsesjon

<b>MOTSTANDARAR:</b> Tore Vik, Karl Gloppen og Kjell Nesbø gir ikkje opp kampen mot vindmøllene.

MOTSTANDARAR: Tore Vik, Karl Gloppen og Kjell Nesbø gir ikkje opp kampen mot vindmøllene.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

<b>GLAD: </b>Leiar for Midtfjellet Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde.

GLAD: Leiar for Midtfjellet Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde.

I går kunne Midtfjellet Vindkraft AS feira at konsesjonen frå NVE er i boks. Samstundes startar motstandarar ei opptrapping av kampen.

FITJAR: Ole Vidar Lunde i Midtfjellet Vindkraft AS skildra gårsdagen som ein gledas dag. Måndag kom nemleg klarsignalet frå Noregs Vassdrag- og Energidirektorat om bygging av ein vindmøllepark i Fitjarfjella på 150 MW.

– Midtfjellet Vindkraft har nådd ein milepæl, seier Lunde, som ser fram til å setja i gang arbeidet med finansiering og anbodsrundar. Konsesjonen betyr likevel ikkje byggjestart for prosjektet. Fleire motstandarar har nemleg planar om å anka konsesjonsvedtaket.

Blir anka

– Vedtaket kjem til å bli anka. Siste ordet er ikkje sagt i denne saka, seier Kjell Nesbø i Aksjonsgruppa for Vern om Fitjarfjellet. Nesbø stiller seg sterkt kritisk til sakshandsaminga i NVE, og meiner innvendingar både frå aksjonsgrupper og Fylkesmannen har blitt bagatellisert. No vil aksjonsgruppa invitera til Fitjarbuen til folkemøte i etterkant av konsesjonsløyvet.

– Denne gangen kjem me til å setja i gang ein underskriftskampanje, seier Nesbø, som får støtta frå Noregs Miljøvernforbund.

– Me vil anka, seier zoolog og sakshandsamar i Miljøvernforbundet, Åge Simonsen.

Trua artar

Gruppa reagerer nemleg sterkt på at NVE har gjeve konsesjonar før Miljøverndepartementet sitt forslag til nye retningslinjer for lokalisering av vindturbinanlegg, er på plass. I konsekvensutgreiinga frå NVE blir innverknaden på landskapet vurdert som stor til svært stor, men Miljøvernforbundet vil argumentera med at trua dyre- og planteartar som kongeørn og kystlynghei er observert i området.

– Ifølgje forslaget til retningslinjer frå Miljøverndepartementet vil difor Midtfjellet bli klassifisert som eit område med svært stort konfliktpotensial, forklarer Simonsen. Avdelingsdirektør i NVE, Bjørn Wold, er ikkje overraska over motstanden, men seier at sakshandsaminga har gått etter forskriftene.

Større fordelar

– Departementet har vore veldig tydelege på at konsesjonsbehandlinga skal gå føre seg som normalt, i påvente av dei nye retningslinjene, seier Wold. Han meiner at motargumenta blei nøye vurdert før konsesjonen blei gjeve.

– Men her er fordelane mykje større enn ulempene, seier Wold. Ankefristen for vedtaket er tre veker.

kari.stautland@haugesunds-avis.no

Publisert tirsdag 20. februar 2007 kl. 00:00.
Sist oppdatert tirsdag 20. februar 2007 kl. 08:20.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Hai tatt utenfor Skudenes

Skater på Amanda

Sjark

Se flere videoer

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse