- For psykiatriske pasientar er det minst belastande når transportar skjer med bilar og mannskap i standard ambulansefargar, seier Jarle Johannessen (framme), teamleiar for psykiatrisk ambulanse i Helse Bergen.
Vil ha «psykebil»
Helse Bergen har hatt psykiatrisk ambulanse i tre år. Helse Stavanger vurderer det same. Helse Fonna har ikkje oppfatta at det er ønske om dette.
SOM SPIKRA: Detaljane frå den dagen eg måtte leggast inn som psykiatrisk pasient står ennå som spikra. Eg er veldig glad dei ikkje kom med politibil og henta meg, seier Jan Olav Johansen.
HELSE: - Eg hugsar kvar detalj frå den dagen i 1985 då eg blei psykotisk og måtte leggast inn. Eg er veldig glad at det skjedde med ambulanse, og ikkje med politibil, sier Jan Olav Johansen.
I Hordaland politidistrikt gjekk talet på oppdrag knytte til psykiatri dramatisk ned då det kom psykiatrisk ambulanse.
- Me har framleis vår rolle med å bistå psykiatrien i visse tilfelle. Berre politiet har lov til å ta seg inn i hus, og bruka visse tvangsmiddel, seier visepolitimeister John Reidar Nilsen i Hordaland politidistrikt.
Politiinspektør Odd Magne Haaversen fortel at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har 500 psykiatrioppdrag årleg.
Vonde signal
Jan Olav Johansen kjenner fleire med psykiske vanskar som er blitt henta heime av uniformert politi med politibil.
- Det kan opplevast som svært nedverdigande og belastande. Den sjuke, pårørande, naboar - alle assosierer politi med lovbrot, at ein har gjort noko som er gale. Du reagerer på ein heilt annan måte om du blir henta i ambulanse, enn om det skjer med politibil, meiner Johansen.
Alt for to år sidan tok den tidlegare leiaren i Mental Helse Nord-Rogaland til orde for at også Helse Fonna burde få sin psykiatriske ambulanse.
Stavanger på trappene
Helse Stavanger vurderer å skaffa seg psykiatrisk ambulanse. Ei gruppe legg i mai fram forslag til mandat for eit prøveprosjekt.
- Det handlar om respekt og verdighet. Arbeidsgruppa har med stor interesse registret kva dei har fått til i Bergen, seier Karin Smedvig, seksjonsleiar ved akuttseksjonen i psykiatrisk klinikk ved Stavanger universitetssjukehus.