MODNING: Pærer, plommer og hasselnøtter rår i dag grunnen der ei gruppe ønskjer å byggja ein rehabiliteringsinstitusjon i Skånevik. Gruppa ønskjer å hausta fruktene av Stortinget sine lovnader om meir midlar til rehabilitering på Vestlandet. Frå v. Oddgeir Ytterstad, Reidun Tungesvik og Hans Olav Tungesvik.

Vil ha rehabiliterings-plassar i Skånevik

Revmatismesykehuset i Haugesund får konkurranse frå Sunnhordland i kampen om eit større tilbod innan rehabilitering.

Annonse
Annonse

HELSE: – Det er lettare å komma seg i omgjevnader som Skånevik, enn mellom asfalt og betong i Haugesund Sentrum, meiner prosjektkonsulent Oddgeir Ytterstad, avdelingsbanksjef Reidun Tungesvik og psykiater Hans Olav Tungesvik.

Alle tre er med i ei gruppe som i halvanna år har arbeidt fram ei skisse til ein rehabiliteringsinstitusjon med 35 plassar. Gruppa har på hand eit 20 dekar stort område i Hagavik, 400 meter vest for Skånevik sentrum, på ein haug med tilgang til sjøen.

– I spaseravstand til sentrumsfunksjonar, idrettsanlegg, idrettshall og fjorden. Med turløyper i ein veldig flott natur, og utsikt til stabil arbeidskraft, skryt dei tre.

Kompetanse

I prosjektgruppa er samla mykje politisk, helsefagleg og næringslivskompetanse: avtroppande ordførar Amund Enge, tidlegare rektor og lokal eldsjel Victor Carlsen jr., Margoth Berteussen, tidlegare leiar av heimetenestene i Bergen kommune, og Sigrid Bøthun, leiaren i Lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna.

– Me hadde ikkje tenkt å gå ut med planane før seinare i haust, men når Haugesunds Revmatismesykehus lanserer sine eigne planar så frimodig som dei gjorde i Haugesunds Avis for eit par veker sidan, kan me ikkje venta lenger, seier Hans Olav Tungesvik.

Midt i

Attåt argumentet om at asfalt og betong ikkje gir det beste miljøet for å trena seg opp og vinna tilbake kreftene, trekkjer prosjektgruppa fram at Skånevik er så nær midten av Helse Fonna-området ein kan komma.

– Ingen får særleg meir enn halvannan time hit, seier Reidun Tungesvik.

I skissene som er laga, ser gruppa for seg at Skånevik i framtida kan bli staden for opptrening av til dømes slagpasientar, av kronikarar som ein gong iblant treng vedlikehaldskurs for å meistra situasjonen så godt som råd, menneske med multippel sklerose, og gjerne pasientar med psykisk slitasje og lettare depresjonar.

– Kanskje også opphald før og etter fedmeoperasjonar. Hauglandsenteret i Sunnfjord har ein slik funksjon andsynes fedmeoperasjonar ved Førde sjukehus, seier Hans Olav Tungesvik.

Neste steg

Ingen veit sikkert kva tid det blir opna opp for nye rehabiliteringsplassar. Prosjektgruppa i Skånevik ser for seg 2009 som realistisk.

No vil prosjektgruppa søka formell støtte frå Etne kommune, få skipa eit aksjeselskap, og skaffa ein startkapital på 3-4 millionar kroner.

– Me vil invitera med Røde Kors-lag i regionen, seier Hans Olav Tungesvik.

jon.adnoy@haugesunds-avis.no

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.