Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Vil vita kva AP meiner

AKSJONERTE I OSLO:

150 møtte opp framfor Folkets Hus, fleire av dei medlemmer i Haugesund Natur og Ungdom.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Haugesund Natur og Ungdom aksjonerte i går i Oslo.

OSLO/HAUGESUND: Då Arbeidarpartiet sine landsmøtedelegater kom til Folkets Hus i går, blei dei møtt av 150 ungdommar kledd i gule støvlar og sydvestar. Dei gulkledde kom med ei klar oppmoding om å seia nei til oljeboring i Lofoten og Vesterålen.

Blant dei 150 var det fleire frå Haugesund Natur og Ungdom, som kravde at delegatane frå Rogaland tar sin del av ansvaret, skriv Gudmund Hansen, leiar i Haugesund Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

Haugesund Natur og Ungdom er denne helga i Oslo på vårkonferanse i Natur og Ungdom.

Gudmund Hansen skriv at det er venta stor debatt om oljeboring i Lofoten og Vesterålen under helgas landsmøte. Haugesund Natur og Ungdom meiner delegatane frå Haugesund bør sei klart i frå at dei ønskjer at Arbeidarpartiet skal seia nei til oljeboring i Lofoten og Vesterålen.

- Kan ikkje gi han stemma

Natur og Ungdom meiner det er på tide at norske politikarar sett ned foten når industrien nå vil inn i nye område.

Fleirtalet i programkomiteen har føreslått at partiet ikkje skal ta stilling til spørsmålet før etter Storingsvalet. Haugesund Natur og Ungdom meiner Jens Stoltenberg bør fortelja veljarane kva dei kan venta seg frå Arbeidarpartiet si side.

- Dette er den viktigaste miljøsaka i Noreg på lang tid. Klimagassutsleppa frå oljeindustrien aukar stadig, og det er på hlg tid at politikarane sett ned foten. Viss Jens ikkje vil fortelja oss kva han og Arbeidarpartiet meiner, kan heller ikkje miljøbevisste veljarar gi han stemma si, seier Gudmund Hansen.

Publisert søndag 19. april 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert søndag 19. april 2009 kl. 10:57.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Kommentarer (0)

Karmøy og Haugesund i nabokrangel

På ski etter bil i 130 km/t

7-åring reddet svanepar

Se flere videoer

Les avisen på mobilen

Les h-avis.no på mobilen
mobil.h-avis.no

Få tilsendt linken i en tekstmelding på mobilen din
Ditt mobilnummer:

Meldingen er gratis

Snarveier

Innsida Innsida.no

Lokalavisa i Sunnhordland.

Ut24 Ut24

Her kan du planlegge fritiden din.

Reisemeldinger Reisemeldinger

Se vei- og flymeldinger fra nærområdet.

TV-Guiden TV-Guiden

Planlegg tv-kvelden!

Avisannonser Siste ukes annonser

Her kan du søke opp siste ukens papirannonser

Dagens leder Dagens leder

Les dagens leder fra Haugesunds Avis.

Søk i skattelistene
for 2008

Annonse