Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Amatørar med proff jazz


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Vissjasskoret flikkar på feite akkordar for tida. Det skal bli konsert med Christina Bjordal Band.

Jazzpianist Svein Olav Herstad i bandet har skrive eller arrangert mykje av musikken som skal framførast 7. november. Tonerekka som til slutt blir ein heftig jazzklang er nokre hakk meir innvikla enn ein vanleg treklang.
- Det er ein fordel å høyra dei andre på same stemme, seier andresopranen Olaug Holum.
Til hjelp for korsongarane er dei ulike stemmene lagde ut som lyd på heimesida til koret.
Også bassen Ole Bertil Moseng vedgår at jazzrepertoaret er krevjande.
- Det er vanskeleg. Men me får jo instruksjon. Og den sosiale sida ved å vera med i koret inspirerer til å gje seg i kast også med vanskeleg stoff, seier Moseng.

Ut av båsane

Svein Olav Herstad gler seg til felleskonserten mellom Vissjasskoret og Christina Bjordal Band. Bandet skal ha nokre nummer åleine. Det same skal koret. Men mykje stoff er arrangert for kombinasjonen band og kor.
- Det tilfører musikken vår noko spennnande når 40 songarar er med på framføringa. Det er veldig moro å høyra det nye lydbildet, seier Herstad.
Herstad meiner det ikkje er tilfeldig at det stadig dukkar opp samarbeidsprosjekt på tvers av musikalske båsar. Ei viktig forklaring på slike koplingar finn han i at distriktet har fått ein god stamme av profesjonelle musikarar innan ulike retningar, som meistrar eit musikalsk handverk.
- Basisen for denne utviklinga ar den grunnutdanninga som er skapt gjennom skulekorps, musikkskular og musikklinjer på vidaregåande, hevdar Herstad.
Sjølv song han i kor mens han gjekk musikklinja på Skeisvang. Også frå utdanninga til jazzpianist er han van med samarbeid med kor.

Prøveklutar

Dirigenten for Vissjasskoret denne hausten er Geir Aksdal, som har vore songar i koret i 11 år. Han er i gang med eit kurs på ti vekttal i kordirigering ved Musikkonservatoriet i Stavanger.
- Det er ein stor fordel for meg å prøva ut det eg lærer etter kvart på eit skikkeleg kor. I mykje av det me skal gjera med Christina Bjordal Band er koret nytta som eit instrument, som er avhengig av samspelet med dei andre instrumenta og vokalisten, seier Aksdal.
Det var Vissjasskoret som tok initiativet til fellekonserten.
- Me ønskte eit breiare repertoar enn Bellmann og ”Messias”, seier dirigenten.
På korøvinga på Gamle Slaktehuset ligg tonane til dei ulike stemmene tett som hagl. Det er ikkje heilt liketil å treffa når Svein Olav Herstad har ikkje berre lagt inn «maj 7» og «dim»-akkordar, men ein serie av «metningstonar» på toppen.
Ein heil del terping må til. Innimellom, når alle tonane kling som dei skal, går det kaldt nedover ryggen på songarane.
- Bra! Nå kling det betre enn nokon gong, seier dirigenten oppmuntrande.
jon.aadnoy@haugesunds-avis.no

Publisert tirsdag 29. oktober 2002 kl. 00:00.
Sist oppdatert tirsdag 29. oktober 2002 kl. 00:00.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Avslutning av Filmfestivalen

Se flere videoer

Snarveier

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Kort og konsis indie

Eit av dei mest spanande indiebanda i Noreg.

+ Mer musikk

En smule hvileskjær

Frode Øverli: «Eliteserien 7»

+ Mer bøker

birigit amalie Flytter til Oslo

Teatersjef Birgit Amalie Nilssen drar til hovedstaden for faglig påfyll. Haugesund Teater håper oppholdet vil betale seg i programmet for neste år.

+ Mer scene

Annonse