bok
Fornøyelege veterinærminne
BOK
Harald Fjøsne:
"Veterinær på ville veier"
Kapabel forlag 2007
140 sider
Terningkast: Fire
Sjølvironi og openhjertig humor.
Tysvær- og skjoldabuar som har levd ei stund dreg kanskje kjensel på namnet Harald Fjøsne, Grinde-veterinæren frå femti-sekstiåra.
Den Etne-fødde pensjonisten som no bur i Asker, arbeidde og i si tid på Stord og Austlandet. Åra som dyrlege i Grinde har tydelegvis sett spor, for no ligg det føre ei samling fornøyelege anekdotar frå praksisen hans i dette Haugesunds-nære området. Med alvor og skjemt deler han med oss mange både morosame og tankevekkjande episodar frå gardsbesøk og studieår.
At han hamna på veterinærhøgskulen var resultatet av eit "moderleg innfall". Her fann han og si utkårne. Når Fjøsne fortel at han som nyforelska student lurte seg til å granska eigen sædkvalitet i mikroskopa på høgskulen før han våga fri til kjærasten, seier det sitt om sjølvironi og bokas openhjertige humor. Her er vittige sitat frå festar i saue- og geitalslaget i Tysvær, slitsame og krevjande besøk i ku- og sauefjøs, møte med dei raraste framtoningar på bygdene og opprørande skildringar av dyremishandling.
Boka er ei blanding av sjølvbiografi, anekdotar og alvorsame refleksjonar over eige arbeid og yrkesetiske utfordringar. Den er og eit interessant "kikkehol" inn mot den nære historia på landsbygda med lange arbeidsøkter og ein strabasiøs praksis til alle døgerets tider. Pensjonisten Fjøsne byr og på stemningsfulle skildringar frå feriestaden i Tysvær der han kan nyta sitt otium og mimra over ei opplevingsrik fortid. Dei mange detaljerte utgreiingane om dyrefødslar og operative inngrep har vel kanskje særleg interesse for folk som ennå er engasjert i husdyrhald. Boka byr og på familiefoto og flotte landskapsbilete. Sture Lian Olsens muntre strek gir liv til Fjøsnes viltre humor.
Meld av Roy M. Eriksen