Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

– Eg skriv for jenter

<b>FLITTIG FORFATTAR: </b>Ingelin Røssland skriv om Julie som er ufrivillig på besøk hos Monstertant

FLITTIG FORFATTAR: Ingelin Røssland skriv om Julie som er ufrivillig på besøk hos Monstertanta.


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Foreldre kan vera urettferdige, urimelege og kjipe. Dette fortel Ingelin Røssland om i si nye barnebok.

TYSNES/ BERGEN: Etter fleire ungdomsromanar er Ingelin Røssland klar med si første barnebok, "Monstertanta". Ho kjem i april på Samlaget.

– Boka er for dei mellom 10 og 12 år og handlar om Julie som er på ufrivillig sommarbesøk hos tante Anna. Tanta hatar ungar og synest Julie er bortskjemt og uansvarleg. Det stemmer til ei viss grad, seier forfattaren Ingelin Røssland.

Nominert til pris

For tida har ho permisjon frå jobben i "Newton" i NRK der ho jobbar som producer. Fram til oktober skal ho bu på Tysnes og skriva på heiltid. Frå før har tysnesjenta bak seg fire romanar for ungdom. "Handgranateple" kom ut i 2006 og konkurrerer om ein ny ungdomsbokpris i regi av Foreningen! les og Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

– Kjekt å bli nominert. Eg veit ikkje så mykje om denne prisen, men det er ekstra stas sidan dette er ein lesepris.

Å ta steget frå ungdomsboka til barneboka er ikkje langt, meiner Røssland. I realistisk stil skriv ho om Julie sine foreldre som dreg til Kreta for å finna att kjærleiken. Julie må bu hos Anna som ho kallar for Monstertanta. Nokon stor pedagog er ho ikkje og vil at Julie skal jobba på garden, passa på kyrne.

– Ho blir tøffare av det, men boka har sine vonde part, sjølv om det og finst humor. Ein trur at vaksne er kloke og har greie på ting, men det er ingen automatikk. Dei er ofte egoistiske og feige. Far til Julie sender tekstmelding om at han ikkje kjem, i staden for å ringa. Ein konfliktsky og feig far.

Turbulent tid

Bodskapen i "Monstertanta" er ein må skjønna at vaksne ikkje alltid har rett. Mamma og pappa er ikkje supermann.

– Kvifor skriv du for barn og unge?

– Eg synest det er viktig. Der blir grunnlaget for lesing lagt. Mykje av tankearbeidet gjer du ferdig når du er ca 20 år. Kven er du, kva vil du i forhold til gjengen og foreldre. Ei turbulent tid for mange. Synd å seia det, men seinare går mange på autopilot. For meg handlar det om å fortelja historier.

Ingelin Røssland synest det er viktig å skriva for jenter.

– Det kan virka rart ettersom det blir skrike opp om fleire bøker for gutar. Men gutane har alle dei tøffe rollene. Eg har ein tanke om at eg skriv for jenter. Så får det vera at det kanskje er det mest upopulære du kan gjera – og attpå til på nynorsk, seier 31-åringen.

Ho føler seg privilegert som har ein interessant jobb i NRK og samtidig frå skriva og møta lesarane. Ho merkar at ungdomsromanane hennar blir mykje brukt i skulane.

– Det merkar eg år eg er ute på turné. Dei lever sitt eige liv. Eg får tilbakemeldingar og e-post frå skuleelevar som skriv om bøkene mine i norsktimane.

truls.horvei[AT]haugesunds-avis.no

Publisert onsdag 21. februar 2007 kl. 00:00.
Sist oppdatert onsdag 21. februar 2007 kl. 09:28.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Avslutning av Filmfestivalen

Se flere videoer

Snarveier

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Kort og konsis indie

Eit av dei mest spanande indiebanda i Noreg.

+ Mer musikk

En smule hvileskjær

Frode Øverli: «Eliteserien 7»

+ Mer bøker

birigit amalie Flytter til Oslo

Teatersjef Birgit Amalie Nilssen drar til hovedstaden for faglig påfyll. Haugesund Teater håper oppholdet vil betale seg i programmet for neste år.

+ Mer scene

Annonse