BLÅ FOTGJENGARAR: Det betyr bandnamnet Pedestrians of blue som haugesundarane Johannes Støle (30) (til høgre) og Torfinn Sirnes (30) (til venstre) står i spissen for. Bak står trommis Harald Levang og bassist Rudolf Fredly.

Ein smak av Toto og prog

Haugesundarane Torfinn Sirnes og Johannes Støle har hatt som mål i fire–fem år å få gi ut plate med P: O: B og no er "Crossing over" her.

Annonse

MUSIKK: Ein utdanna organist og frilansmusikar, Johannes Støle, og kompisen og læraren Torfinn Sirnes har vore Pedestrians of Blue (P: O: B) i nokre år.

– Me fant tonen og begynte å skriva låtar i lag. Begge hadde heimestudio. Me begynte å spela inn og det begynte å likna noko, seier vokalist Støle om korleis bandet begynte.

To EP-ar har P: O: B gjeve ut og Støle beskriv plata "Crossing over" som "melodiøs hardrock med progressive element".

Låten "Promises" er også å finna på Radio 102s Topp 40 for tida.

– Vanskeleg å få spelejobb

Albumet blei gjeve ut i mai, og P: O: B spelte under Rockfest i år men det har ikkje vore så mange andre spelejobbar.

– Vanskeleg å få spelejobbar, men me jobbar med noko.

Støle trur at sjangeren dei held seg i ikkje er den folk i Noreg høyrer mest på, er med noko av grunnen.

For hardt for Toto

Johanne Støle seier at kompisen Sirnes står for dei fleste av metal- og progreferansane på plata, mens Støle seier han står for dei meir melodiøse og pop/rock-referansane. Toto nemner han som eit av dei store banda for han.

– Dei er bra på alt. Produksjonen, vokalen og spelinga, seier Støle, som sjølvsagt blir å sjå på konserten på Rådhusplassen under Sildajazzen.

– Då eg høyrde det, gjekk eg på dagen og spurte om me kunne få varma opp. Men fekk beskjed om at det var litt for hardt, seier han litt snurt.

Støle får likevel æra av å varma opp for Toto. Haugesund-bandet Cortina skal varma opp, og Johannes Støle hjelper dei på keyboard.

Andre band som står på heimesida til P: O: B som referansar er blant andre Black Sabbath, Queensryche og Dream Theater.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.