Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ Innhold A-Å

Fenomentet Sandeid

OG BRYLLAUP VART DET:

Lars (Ole Martin Owe) får den han elskar, den kåte og nydelege tenestejenta Rakel (Hilde Margrethe Owe).


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Tips oss »

Det gjekk i ordspel, intrigar og forviklingar då Sandeid ungdomslag hadde urpremiere på jubileumsframsyninga "Bryllup og uvennskap".

SANDEID: Det er berre å ta av seg hatten og ikkje sitja og glo på katten.

Noko slikt noko kunne blitt sagt av ein av karakterane i "Bryllup og uvennskap" under laurdagens framsyning.

Latteren, ironien, overdrivinga og forviklingar mellom karakterane hang nemleg laust i lufta då Sandeid ungdomslag viste seg fram for eit heimleg publikum laurdags kveld.

Imponerande

Det er imponerande kva teaterleiar Jostein Apeland og hans venner i Sandeid har klart å få til med ungdomslaget. Ikkje berre fyller dei 100 år i år, men laurdagens framsyning viste og kva slags posisjon ungdomslaget har for lokalsamfunnet:

– Eg er litt spent, men mest er dette morosamt og viktig for oss alle her inne, sa Harald Asheim før framsyninga.

Og visst kan me sjå verdien av ungdomslaget. Ikkje berre var dette kvelden ein kunne snakka med ein nabo eller gammal kjenning som ein elles ikkje har tid til å snakka med, men det var og kvelden der ein kunne ta seg heilt fri, ta ein pils og berre le seg skakk i heil. For det var humor, latter og sjølvironi denne jubileumskvelden dreidde seg om. Sandeid ungdomslag er ikkje berre eit lag som har for auga å skapa eit allsidig og aktivt bygdemiljø, nei, Sandeid ungdomslag er eit fenomen.

Sjølve framsyninga

"Bryllup og uvennskap" er andre del av ein trilogi av den svenske folkekomikaren Krister Claesson. Første stykket, "Misunnelse og uvennskap", vart vist for to år sidan til stor begeistring.

Årets framsyning krinsa kring Lars sin komande ekteskap med Inga. Dette viser seg likevel å vera ein ekteskap mot begge sin lyst, og mest vore framskunda av misforståingar og av mor til Lars, Mathilde, si trong til sjå seg sjølv som komande sviger- og bestemor. Inga er nemleg med barn, ikkje med Lars, men med ein rik amerikanar.

Forviklingane og intrigane stod dermed i kø. Spesielt morosamt var den vennskaplege uvennskapen mellom Sigmund, far til Inga, og Nils- Erik, far til Lars. Dei to, spelt av høvesvis Asbjørn Lervik og Lars Handeland sprang bokstaveleg talt etter kvarandre med kjepp og med replikkar kvar og ein av oss kunne tenka seg å ha på lager ein dag me ikkje orkar å sjå trynet på naboen.

Publisert mandag 04. februar 2008 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 04. februar 2008 kl. 09:12.

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.

Annonse

Avslutning av Filmfestivalen

Se flere videoer

Snarveier

Ut24 Ut24

Planlegg fritiden din.

TV-Guiden TV-Guiden

Dette bør du få med deg.

Kort og konsis indie

Eit av dei mest spanande indiebanda i Noreg.

+ Mer musikk

En smule hvileskjær

Frode Øverli: «Eliteserien 7»

+ Mer bøker

birigit amalie Flytter til Oslo

Teatersjef Birgit Amalie Nilssen drar til hovedstaden for faglig påfyll. Haugesund Teater håper oppholdet vil betale seg i programmet for neste år.

+ Mer scene

Annonse