Har tru på Team Hanne

Bookmakeren Ladbrokes trur Team Elg ryk i morgon.

Annonse

KORSLAGET: Det er tre attverande kor igjen, som kjempar om premien på 500.000 kroner.

KVEN SKAL FÅ HANNE-PENGANE?

Spelselskapet Ladbrokes gir 1,65 gonger pengane dersom Team Elg frå Kristiansund ryk i morgon kveld.

- Me meiner at laget til Øivind ”Elg” Elgenes hadde vore ein verdig vinnar, og unner Kristiansund by premien på 500.000 norske kroner. Derimot trur me nok at dei folkekjære songarane Hanne Krogh og Jørn Hoel blir for sterke, seier Per Scacenius, myndigheitskontakt for Ladbrokes Noreg.

Ladbrokes skriv i ei pressemelding at dei gir 3,50 gonger pengane viss Team Hanne eller Jørn må forlata Det stor korslaget etter morgondagens sending.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.