Haugesunds AvisPuls
MUSIKK: Haugesundskoret song seg laurdag vidare med songane ”What a feeling” og ”Walk this way”.
- Eg trur ein tydeleg kunne sjå at me var glade då me fekk vita det, seier Hanne Krogh.
Det var Team Elg som røyk ut av korkonkurransen laurdag, og Team Hanne møter Team Jørn i finalen om 2. mai.
LES OGSÅ: HAR TRU PÅ TEAM HANNE
TV2 Underholdning melder på si nettside at sjåarane via nettet kan vera med å stemma på kva songar dei to finalistane skal synga i finalen. I finalen skal kora synga tre songar kvar.
Koret som vinn Det store korslaget får 500.000 kroner som skal gå til eit velgjerande formål på heimstaden.
I dag gjer TV 2 og Team Hanne TV-opptak i Haugesund. Klokka 19.00 skal koret synga nokre songar på utescena ved Maritim.
- Me vil absolutt at folk skal komma og høyra på. Me må visa at det er oppbacking i Haugesund, og me vil gjerne takka Haugalandet for oppbackinga, seier Hanne Krogh.
TV-opptaket skal visast neste laurdag og finalen går av stabelen laurdag 2. mai.
- Det viktigaste er ikkje å vinna, me har fokus på å ha det gøy og eg hadde ikkje trudd at det skulle bli så gøy som det er. Men det er klart at me også har lyst til å vinna. Me er vikingkoret og under finalen skal me ut i det endelege slaget, seier Krogh.
Skikkleg konsert blir det 7. mai i Festiviteten. Då lovar Hanne Krogh jubelkonsert.
- Under konserten skal kormedlemmene få visa seg fram ein og ein, seier Krogh.
Publisert søndag 19. april 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert mandag 20. april 2009 kl. 17:51.
Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.
Flytter til Oslo
Teatersjef Birgit Amalie Nilssen drar til hovedstaden for faglig påfyll. Haugesund Teater håper oppholdet vil betale seg i programmet for neste år.