080310. The Megaphonic Thrift *** Local Caption *** 080310. The Megaphonic Thrift
Herleg indierock
Tilgjengeleg for eit større publikum.
The Megaphonic Thrift
«Decay Decoy»
Hype City Recordings
CD: The Megaphonic Thrift pangopnar med låten «The Undertow». Det er heftige trommer, intens gitar og litt monoton song av vokalist Richard Myklebust. Det set standarden for resten av albumet. Herleg, støyande indierock. Til tider er det litt likt Serena-Maneesh, bandprosjektet til Emil Nikolaisen frå Moi, men det gjer ikkje noko. Dei har noko av den same mystikken, samstundes som våre lokale heltar (Linn Frøkedal og gitarist Njål Clementsen er kjent frå The Low Frequency in Stereo) utan tvil er meir tilgjengeleg for eit større publikum.
The Megaphonic Thrift høyrest stundom ut som eit av alle dei andre indiebanda som er i lydbiletet no, men ein tidvis intensitet som minner om punk og dei tidlegare nemnde referansane Serena-Maneesh, gjer at dei kjem unna med det. Høgdepunkta på albumet er mange, men dei er utan tvil sterkast på støyrockspor som «Candy Sin» og «Queen of Noise». Alt i alt er The Megaphonic Thrift eit ganske så typisk indieband frå 2000-talet, men dei gjer det bra og likar du sjangeren fell dette i smak. Og eg har ei kjensle av at intensiteten som ligg i mange av låtane gjer seg endå betre live.
Anmeldt av Kristin Eide