CD: I Was A King. Old Friends *** Local Caption *** CD: I Was A King. Old Friends
Kort og konsis indie
Eit av dei mest spanande indiebanda i Noreg.
I Was A King
«Old Friends»
Hype City / VME
CD: Halvanna år etter det sjølvtitulerte studiodebutalbumet er I Was A King (IWAK) ute med denne konsise oppfølgjaren. For «Old Friends» er eit kort og konsist album: 12 songar, og det lengste kuttet er på tre og eit halvt minutt.
Sjølv om musikkmeldarar stadig trekkjer fram at IWAK har tydelege referansar til andre band er det inga tvil om at dei har sitt eige uttrykk. Forsiktig vokal av Frode Strømstad og heftig gitar av Anne Lise Frøkedal gjer duoen til eit av dei mest spanande indiebanda i Noreg.
Samstundes manglar «Old Friends» noko av entusiasmen og energien som det førre albumet hadde. Dei fyrste songane vert for svake og musikken hamnar lett i bakgrunnen.
Heldigvis tek det som opp etter kvart og «Someone Is Waiting» og «Unreal» står begge til ein femmar på terningen.
Fyrstnemnde startar med tydelege 60-talsreferansar medan den andre heller meir mot støyindie. Og det er når dei eksperimenterer og syner entusiasme bandet er best.
Meldt av Kristin Eide