FOLKELESNAD:

FOLKELESNAD: Agnes Ravatn synest det er trist at så mange nordmenn les fordummande vekeblad. Ho har teke for seg alt frå kjendis- og babyblad til jenteblad og treningsblad. (SCANPIX)

– Kvinner blir framstilt som vakre idiotar

– Kvinnene blir framstilt som vakre idiotar i kvinneblada, meiner Agnes Ravatn. Ho har lest alt frå kjendisblad til porno.

OM VEKEPRESSA:

OM VEKEPRESSA: Forfattar og journalist Agnes Ravatn.

Annonse

VEKEBLAD: Agnes Ravatn har alltid vore ein ivrig bladlesar. Fem millionar nordmenn les 70 millionar vekeblad i året. Ei ufatteleg mengde, syntest for- fattaren og journalisten frå Ølen. Difor ville ho sjå nærare på kva alle desse vekeblada inneheld. Ho begynte med dameblad og haldt fram med manneblad, og delte vekepressa inn i 14 kategoriar.

– Eg har fem–seks blad i kvar kategori, til saman 70–80 blad, seier ho til Haugesunds Avis.

Kvinner utan indre liv

Det meste av stoffet i essayboka «Folkelesnad» har stått på trykk i Dag og Tid der Ravatn er journalist. Artiklane, eller essaya som ho kallar dei, har alle ei subjektiv vri med Ravatn sin kjende ironi og humor.

– Eg har ikkje lese alle blada i eitt. Det kunne blitt ein tragisk overdose. Eg ser no at når eg har samla stoffet, blir det eit større prosjekt der kritikken kjem klarare fram.

Når Ravatn les kvinneblad, får ho inntrykk at av kvinner ikkje har eit indre liv. Det handlar berre om fasade og over- flate. Du skal sjå best ut heile tida. Både kvinnene i blada og lesaren blir behandla som eit objekt.

Sexliv

– Vekeblada har eldre lesarar og har ei resignert haldning: Nå er vi ferdige med dette sexmaset. Jenteblada blir lese av jenter ned i tiårsalderen. Ikkje berre handlar det om å ha eit sexliv, men det skal vera på ein spanande måte. Kva slags prestasjonsangst får ikkje gutane? spør ho.

Ravatn meiner kvinneblada ikkje har humor. Det har trass alt mannfolkblada. Heller ikkje dei finn nåde hos ho. Dei er kjedelege, og dei undervurderer lesarane sine.

– Du får inntrykk av at alle menn vil vera leigesoldatar. Eg kjenner mange menn, men har aldri treft nokon med det ønsket.

Ein vond sirkel

– Kva synest du om at folk les desse blada?

– Desse blada blir laga på grunnlag av lesarundersøkingar og marknadsanalyse. Dei skriv om det lesarane ønskjer å lesa om. Dermed blir det sjølvforsterkande og ein vond sirkel. Då Kvinner og Klær fekk ein ny redaktør som kom frå NRK, prøve KK å skriva meir om samfunnsaktuelle problemstillingar. Då stupte lesartala. Lesarane vil ikkje ha slike blad, og det er trist.

Sjølv kunne ho gjerne vore med å laga eit kvinneblad med ekte kvinneliv, der kvinner ikkje blir framstilt som vakre idiotar.

«Folkelesnad» blir lansert torsdag 7. april. Snart er Ravatn tilbake i Krakow der ho bur i ein periode og skriv på eit skodespel.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.