Nils Økland og hans nordsjøprosjekt kjem til Vikedal fredag kveld.

Latinkrydra Kyrkjeroots

Inspirasjon og latin-Amerika er hovudingrediensane under kyrkjerootsen.

Annonse

VIKEDAL: Duoen Hmm. JeBo opnar kyrkjerootsen torsdag. For andre året finn dei inspirasjon i kunst, og improviserer på orgel og perkusjon.

Årets festivalkunstnar går under namnet Roberto Mondoya Bravo. Kunstnaren kjem frå Peru, men er busett på Voss.

Moder jord

Akryl og akvarellar utgjer utstillinga Pachamama (moder jord) som opnar samtidig med Hmm. Jebo sin konsert.

Hardingfelemeister

Nils Økland har med tre musikarar i nytt nordsjøprosjekt. Etter turné i England tar dei turen til Vikedal fredag kveld. Harpe, fele, orgel og hardingfele er ingrediensane denne kvelden.

Meir latinkrydder kjem med Pachongo sin familiekonsert, laurdagskvelden.

Bandet blei etablert i 2001, og musikken blir betegna som latinamerikanske rytmar frå Andesfjella, samtidig som dei moderniserer med blant anna synth.

Pachongo speler også på rootsgudstenesta, saman med Peruanske Colca. Ein latinkrydra Kyrkjeroots med andre ord.

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.