Osebergskipet er truleg bygd på Haugalandet

Seniorforskar ved Nasjonalmuseet i København meiner det kjente Osebergskipet blei bygd i Nord-Rogaland.

Annonse

NORD-ROGALAND: I 1991-92 blei Oseberg-, Gokstad- og Tuneskipet ved hjelp av årringekronologi datert. Aftenposten skriv at det då viste seg at Osebergskipet ikkje var bygd av tømmer frå same vekstsone rundt Oslofjorden som dei to andre.

Men Niels Bonde, seniorforskar ved Nasjonalmuseet i København, har nå oppdaga at tømmeret kjem frå same vekstsone som tømmeret som er brukt i to andre skip og ein båt, som er funne i to nabogravhaugar på Karmøy.

Dette blei oppdaga under arbeid med å datera Karmøy-skipa. Årringemønsteret frå Osebergskipet blei brukt for å prøva å datera Karmøy-fartøya, og det blei oppdaga samsvar i mønsteret for vekstsonene. Vekstsoner kan definerast ved at tre som veks i same klima, veks likt.

- Å byggje båtar har vore naudsynt for dei som budde langs kysten, på lik linje med det å byggje hus. Det meiner ledaren for Nord-Karmøy Historielag, Roald Østensjø. Han er ikkje overraska over at Osebergskipet kan sporast attende til Nord-Rogaland.

- Dette er ein artig nyheit. Eg vonar denne nye kunnskapen kan vere med på å utvida Østlandet sin horisont for kva som skjedde andre stader i Noreg i Vikingtida, seier han.

- Har fått bevis på kontakt

- Dette er det første bevis for at det ved innleiinga til vikingtida var direkte kontakt mellom kongar og stormenn på Avaldsnes på Karmøy og ynglingeætten i Vestfold, seier fylkeskonservator i Vest-Agder, Frans-Arne Stylegar til Aftenposten.

- I over 100 år har historikarar diskutert om det var ein slik kontakt. Nå har me fått eit bevis. Alf tydar på at Osebergskipet blei bygd på sørvestlandet i 820. Ei nesten like stor nyhende er at samtlege tre gravfartøy frå Karmøy nå har late seg datera til 700-talet, seier Stylegar vidare.

Ifølgje Aftenposten vedgår seniorforskaren at det er eit teoretisk moglegheit for at dei tre fartøya og Osebergskipet i teorien kan ha blitt bygd ein heilt annan plass.

Treng årringekurve for å stadfesta

- I praksis snakkar me om den norske sørvest- og vestkysten. Og når tre av dei fire skipa er hauglagde på Karmøy, tyder alt på at dagens Nord-Rogaland eller Sunhordland er opphavsstaden, og at det også gjeld for Osebergskipet.

- For å få dette stadfesta 100 prosent, treng me ein eigen årringekurve for eiketre frå Vestlandet som går lenger enn den me har i dag, frå år 499 til år 770, basert på dei tre Karmøy-skipa, seier Stylegar vidare.

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.