Historisk målfest på Stord

Stord valsa over Skjold og laga tidenes målfest på Stord stadion. Skjold blei sendt heim som slakt og rett ned i 4. divisjon.

DEL

STORD - SKJOLD 13-1: - Dette var skikkeleg flaut. Vi var som Bambi på isen og tapte for eit mykje betre lag, innrømmer Skjold-trenar Torstein Langeland. No er vi nok i 4. divisjon etter dette.



- Dette var bra. Vi står på gjennom heile kampen. Noko liknande har eg ikkje opplevd i ein seniorkamp, innrømmer midtbaneterrieren Kristian Magnussen.

30-åringen  starta målfesten frå straffemerket etter fjorten minuttar.

- Dei gir meir eller mindre opp, medan vi jobbar opp og ned heile tida, seier tomålskårar Kristian Magnussen Stord herja til tider med tafatte Skjold-spelarar.

Høgrekanten Roger B. Ekeland, ex Trio, var stadig på farten med sine hurtige rykk og ikkje minst målteft.

Med denne kalassigeren tryggja Stord sin 3. plass på tabellen og sikra seg ein solid målskilnad.

Berre synd at berre 60 tilskodarar som fekk med seg denne målorgien på Stord. Dei fekk mykje att for inngangspengene.

FØLG HAUGESUNDS AVIS PÅ FACEBOOK:

Artikkeltags