Første stikk til Stord

Stord-trenar Ole Hjelmhaug likte det han såg mot 2. divisjonskollega Kopervik på ein glatt kunsgressbane i kveld

Annonse

 

Treningskamp
Kunstgress Stord
Stord-Kopervik 3-2 (2-0)
39. min. 1-0 Alfred Berge
43. min. 2-0 Alfred Berge
51. min. 2-1 Magnar Mathiesen
67.min. 3-1 Torstein Helle Mehling
90. min. 3-2 Daniel Miklos
Gult kort: Robert Alsaker, Stord og Roger Jakobsen
Dommar: Tommy Jakobsen, Bergen Nord
Tilskodar: 30

 

Stord: (4-4-2) Chris Severinsen (Ruben Rogne frå 45.), Tor Ove Anuglen, Ronny Hamre, Ole Morten Lie, Viljar Losnegård, Robert Alsaker, Erling Hansen(Torstein H. Mehling får 64.), Tore Kannelønning(Mats Paulsen frå 45.), Jan Morten Haukefær (Vegard Agdestein frå 71.), Alfred Berge(Ole Johannes Stople frå 64.), Christoffer Kalve

Kopervik: (4-3-3)Rune Solhaug, Helge Eikeskog, Roger Jakobsen, Ingvar Karlsen, Hieu(Helge Nordal frå 72.), Magnar Mathiesen, Son Van Vu, Roy Roaldsøy, Leif Johan Johannesen, Bala Garba, Eivind Grønningen(Daniel Miklos frå 65.)

 

 

Annonse

FOTBALL: - Eg vil ha lojale spelarar som løper mykje. Det gjorde dei i dag, sa ein nøgd Ole Hjelmhaug etter sigeren mot naboen i sør.

Resultatet no betyr lite. Kampen gir oss ein viss peikepinn kor vi ligg, men det er framleis litt rusk i maskineriet. Framover skal vi terpe spelestil og løpe meir og mykje.
Den nye Stord-trenaren såg laget sitt dominere til pause og Alfred Berge skåre to flotte mål.
 

Test
 

Koperviktrenar Tore Emberland kom til Stord med følgjande bestilling:
Teste nye spelarar på nye plasser. Stå opp defensivt i forsvar og teste ut ein ny 4-3-3 formasjon.

Emberland gjekk frustrert pause med fleire spørsmål enn svar. KIL’ane var tamme og let Stord valse rundt med dei.

-  1. omgangen var under ein kvar kritikk. Vi produserte fint lite. Men vi fekk stramma opp og produserte fem klare sjansar og fekk inn to mål etter pausen, sa KIL-trenar Tore Emberland

Kva svar fekk du på bestillinga de?

- Hieu spelte greitt på ein uvant backplass. Vi var klart best i 2. omgangen og fekk meir trøkk i spelet.

Emberland let og Bala Garba få 90 minuttar på banen på ein iskald kveld på Stord.

- Bala treng nokre kampar i kroppen.

 

 

 

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.