TIL EM:

TIL EM: Thomas Dwight Midling i aksjon. (Arkivfoto: Kjell Strand)

HHK slapp med skrekken

HHK kunne fort å rota vekk sigeren i ein svak og rotete avslutning.

Haugaland - Falk Horten 29-28 (17-13)

1. divisjon, Tysvær Arena
Tilskodarar: 210

Utviklinga:
10. min: 5-5
20. min: 11-8
40. min: 22-16
50. min: 27-21

Utvisingar: HHK 2x2 min., Falk 1x2 min.
Dommarar: Knut Brateng og Peder Paulsboe

3 poeng: Christoffer Persson
2 poeng : Omar Asmi
1 poeng : Andreas Liverstam

HÅNDBALL: Det som lenge såg lett ut og to sikre poeng, blei tungt og nervepirrande i dramatiske sluttsekundar.

Del på Facebook

Fem sekundar før slutt hylte Falk på straffe og trudde på 29 - 29 og poengdeling. Men ein ”feig” dommarduo let fløyta kvile. Dermed kunne Mika Nurmi og HHK-gjengen pusta letta ut og kaste seg ut i ein vill jubeldans.

I kveld ligg HHK på ein sterk 3. plass. Før jul blir det bortekamp mot Bjørnar og Stord.

Målscorerar på HHK: Johan Duvander (4), Harald Willumsen (2), Andreas Liverstam (7), Omar Asmi (7), Thomas Midling (2) og Christoffer Persson (7).

Toppscorar på Falk Horten: Simen Heyerdahl med sju mål.

FØLG HAUGESUNDS AVIS PÅ FACEBOOK:

 

På forsiden nå

Les Haugesunds Avis som eAvis eller bestill abonnement.