Løp frå Fjellhammer

Christoffer Persson.

Christoffer Persson. (Foto: Foto: Alf-Robert Sommerbakk)

DEL

HÅNDBALL: HHK brukte 1. omgangen som rein oppvarming. Etter pause kontra dei tafatte gjester frå Fjellhammer i senk. Dermed blei det ein behageleg reise for Mika Nurmi og spelarane hans til slutt, og to lette poeng.


- Vi var ikkje til stades i starten av kampen. Fjellhammer fekk køyre sitt tempo, seier Mika Nurmi til h-avis.no etter at sigeren var sikra.

Men Mika Nurmi fekk det som han ynskja seg etter kvila. Eit tent og tydleg skjerpet HHK-lag med Johan Duvander i spissen brukte tre minuttar å gå frå 15-13 til 19-13. Sidan sette vertane på ”cruisekontrollen” og vann lett til slutt.

Den lokale «helten»Thomas Midling fekk og sikta inn kanonen og skaut hole i Fjellhammer-skuta til slutt med fem raske mål.

Det er ingen tvil om at HHK har opprykk i sikte om dei spelar opp mot sitt beste. No ventar tre nye heimekampar med overkommeleg motstand. Vålerenga, Nærbø og Bjørnar skal gje seks nye poeng om Mika Nurmi gir spelarane sine det rette tenningsnivået.

Artikkeltags