Historisk målfest på Stord
Stord valsa over Skjold og laga tidenes målfest på Stord stadion. Skjold blei sendt heim som slakt og rett ned i 4. divisjon.
Kristian Magnussen scora ett av de tre Stord-måla mot Arna-Bjørnar.
Kampfakta
Stord-Skjold 13-1 (6-1))
3. divisjon avd. 7
Stord stadion
1-0 Kristian Magnussen(14.) str.,2-0 Roger B. Ekeland(19.), 3-0 Robert Alsaker (21.), 4-0 Roger B. Ekeland (32.), 5-0 Erling Hansen (35.), 5-1 Are Søderlund (37.), 6-1 Kevin Janz (41), 7-1 Robert Alsaker (60.), 8-1 Morten Hillestad (65), 9-1 Vegar Agdestein (65.), 10-1 Ken Joar Føyen (79.), 11-1 Roger B. Ekeland (81.), 12-1 Kristian Magnussen (86.) og 13-1 Morten Hillestad (87.)
Målsjansar: 20-2
Gult kort: Sigbjørn Tysvær, Jarle Stakland og Jonas Risanger, Skold
Dommar: Sivert Ø. Amland, Kringlebotn
Tilskodarar:
STORD - SKJOLD 13-1: - Dette var skikkeleg flaut. Vi var som Bambi på isen og tapte for eit mykje betre lag, innrømmer Skjold-trenar Torstein Langeland. No er vi nok i 4. divisjon etter dette.
- Dette var bra. Vi står på gjennom heile kampen. Noko liknande har eg ikkje opplevd i ein seniorkamp, innrømmer midtbaneterrieren Kristian Magnussen.
30-åringen starta målfesten frå straffemerket etter fjorten minuttar.
- Dei gir meir eller mindre opp, medan vi jobbar opp og ned heile tida, seier tomålskårar Kristian Magnussen Stord herja til tider med tafatte Skjold-spelarar.
Høgrekanten Roger B. Ekeland, ex Trio, var stadig på farten med sine hurtige rykk og ikkje minst målteft.
Med denne kalassigeren tryggja Stord sin 3. plass på tabellen og sikra seg ein solid målskilnad.
Berre synd at berre 60 tilskodarar som fekk med seg denne målorgien på Stord. Dei fekk mykje att for inngangspengene.
FØLG HAUGESUNDS AVIS PÅ FACEBOOK: