HHK - FJELLHAMMER: Christoffer Persson. (Foto: Alf-Robert Sommerbakk)

Løp frå Fjellhammer

RUNAR ØVREBØ
Publisert 14.01.2012 kl 19:45 Oppdatert 14.01.2012 kl 19:45

Tips en venn på e-post:


Haugaland-Fjellhammer 32-24 (15-13)

1. divisjon
Tysvær Arena
Tilskodarar: 300

Utviklinga:
10. min: 7-8
20. min: 11-11
40. min: 21-16
50. min: 27-19

Mål HHK: Johan Duvander 6, Andreas Liverstam 4, Omar Asmi 4, Thomas Midling 5 og Christoffer Persson 4, David Kocemba 3, Kenneth Drage Berntsen 3, Jonas Gudmundsen Lund 1og Mathias Bruselius 2

Toppscorar Fjellhammer: Jon Olav Barland 9
Utvisingar: HHK 5x2 min., Fjellhammer 5x2 min.
Dommarar: Ronny Andre Hell og Morten Isachsen


HÅNDBALL: HHK brukte 1. omgangen som rein oppvarming. Etter pause kontra dei tafatte gjester frå Fjellhammer i senk. Dermed blei det ein behageleg reise for Mika Nurmi og spelarane hans til slutt, og to lette poeng.


- Vi var ikkje til stades i starten av kampen. Fjellhammer fekk køyre sitt tempo, seier Mika Nurmi til h-avis.no etter at sigeren var sikra.

Men Mika Nurmi fekk det som han ynskja seg etter kvila. Eit tent og tydleg skjerpet HHK-lag med Johan Duvander i spissen brukte tre minuttar å gå frå 15-13 til 19-13. Sidan sette vertane på ”cruisekontrollen” og vann lett til slutt.

Den lokale «helten»Thomas Midling fekk og sikta inn kanonen og skaut hole i Fjellhammer-skuta til slutt med fem raske mål.

Det er ingen tvil om at HHK har opprykk i sikte om dei spelar opp mot sitt beste. No ventar tre nye heimekampar med overkommeleg motstand. Vålerenga, Nærbø og Bjørnar skal gje seks nye poeng om Mika Nurmi gir spelarane sine det rette tenningsnivået.

På forsiden nå


Frasier seg rettighetene

Eierne av trelasten som kom i land på Torvastad er formelt finners eiendom.

Streik på flyplassen

Den politiske streiken som markeres onsdag fra klokken 14 til klokken 16 rammer flyplassen.

I ny bok og i Festiviteten i går

Fugelli om Fugelli

Aksel Fugelli (46) har gjort det alle bør: snakket mer med sin far før han dør. HAUGESUND:

Skolebuss skled av veien

En skolebuss som tirsdag morgen skulle til Sveio skule skled av veien.