HHK's Kenneth Berntsen.
Skjerpa seg etter pause
Mika Nurmi var slett ikkje nøgd etter ein slapp 1. omgang. Han gav spelarane sine ein oppstrammar og eit nytt HHK-lag kom på banen etter kvila.
HHK-Bjørnar 37-23 (15-10)
1. divisjon, herrer
Tysvær Arena
Utviklinga:
10. min: 5-2
20. min: 11-6
40. min: 23-14
50. min: 30-18
Mål: David Kocemba 3, Kenneth Berntsen 3, Andreas Liverstam 5, Omar Asmi 8, Thomas Midling 7, Mathias Bruselius 1, Nicolai Sødergaard Tagliapietra 2, Christopher Persson 4 og Jonas G. Lind 2
TYSVÆR: Thomas Midling fyrte villig vekk og skåra fem mål på dei tretten første minuttane av 2. omgangen.
Lynraske Kenneth Berntsen blei og sett på saken med nokre raske kontringar. Lufta gjekk dermed ut av Bjørnar-laget, medan Mika Nurmi nytta heile troppen og vann som dei ville. Dermed blei det to lette poeng og eit godt grep om 2. plassen som gir retten til direkte opprykk til eliteserien.