Uavgjort ikkje godt nok

Øyvind Nyhammer og Stord hadde sjansen til å vinne og halde liv i opprykkskampen. Men på stillinga 19-19 bomma Nyhammer aleine med Falkmålvakten.

Annonse

KAMPFAKTA

Stord-Falk Horten  19-19 (11-11)

1. divisjon

Stordhallen Nye

Tilskodarar: 200

Utviklinga:

10. min: 6-4

20. min: 8-8

40. min: 15-14

50. min: 16-18

Mål Stord: Øyvind Nyhammer 10, Oscar Kihlstedt 1, Inge Aas Eriksen 4, Joar Hystad 2 og Morten Christensen 2

Toppscorar Falk: Roar Forbord 4, Jeppe Sølling Vraa 4 og Anton Blickhammar 4

Utvisingar: Stord 1x2 min., Falk 1x2 min.

Dommarar: Steinar Martinsen og Slim Ben Tekaya

Annonse

HANDBALL: - Ein dårleg prestasjon av meg. Eg burde ha teke meg betre tid, sa ein skuffa Øyvind Nyhammer like etter kampen.

Både han og Stord var ”heite” i starten av kampen. Men utover i kampen var det gjesten frå Horten som leia og såg ut til å vinne kampen. Men ein siste desperat slutt berga eit poeng til Stord. Ei mager trøyst for Stord og trenar Vidar Gjesdal.

- Opprykk kan vi berre slutte å snakke om no.

 

Siste nytt

Les Haugesunds Avis som ePaper eller bestill papirutgaven.