Å vera annleis

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Å vera annleis, kva er det? Kva er det som gjer at ein føler seg annleis?

Korleis har du det på skulen, du som føler deg annleis? Gruar du deg til skulen kvar dag?

Er det ubehageleg å passera gjengar i friminuttane? Har du berre lyst til å gøyme deg, eller berre vera heime? Kanskje blir du kvalm berre ved tanken på å gå til skulen.

Kanskje er du den som går bort til gjengen, men dei ser deg ikkje? Dei planlegg fritida si utan å ta deg med. Er du åleine kvart friminutt med tankane dine?

Skulle du ynskja du kunne fått vist ferdigheitane du har? Det du er god på. Hadde det vore fotball ville du kanskje hatt mange muligheitar til å få vist deg fram. Men du hatar egentlig fotball.

Er det du som skal forandra deg eller menneska omkring deg?

Kjære deg! Det er menneska omkring deg!

Hadde menneska vore opptatt av likeverd, at me er like verdfulle uansett kva foreldre me har, kva me er gode på, kva me går kledd i, kva interesse me har…..så hadde livet til mange blitt betre.

(det vert ikkje lettare for barna så lenge denne kulturen florerer også blant dei vaksne.)

Våg å vera annleis! Våg å bli den du ynskjer å vera! Sett farge på verda.

Ver stolt over deg sjølv! Ver eit godt menneske! Det er det viktigaste!



Kari Yttredal

Leiar SFO, Langeland skule, Stord

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken