(Hardanger Folkeblad:) Politikarane banka gjennom saka og gjekk inn for å legge detaljreguleringsplan for Hjøllo Camping ut på offentleg ettersyn.

Det var få i Utval for samfunn, plan og næring som hadde innvendingar mot å legge planen ut, og fleire gjekk opp på talarstolen for å rose tiltakshavar Leif Einar Lothe.

Det var berre administrasjonen som hadde innvendingar mot nokre av tiltaka og prosjektet. Desse vart tatt med i vedtaket som vilkår for å legge planen ut på offentleg ettersyn.

Det kom klart fram gjennom administrasjonen sitt syn på saka er at den er «prematur», og at den ikkje burde handsamast politisk på dette tidspunktet. Det ligg ikkje føre godkjenning frå Miljødirektoratet på avslutta deponi. Dette vart tatt med som vilkår nummer éin.

I denne godkjenninga skal det gå fram at den tidlegare avfallstippen eignar seg til den bruken Lothe har planlagt. Det er mellom anna campingplass for telt, hytter og bubilar, konsertstad, tivoli, Via Ferrata i fjellveggen, leikeplass, stavkyrkje og kurs.

I rapporten som no ligg føre på området, heiter det at det ikkje er eigna for bustadtomter.

– Det er gjort mykje på området på kort tid. Men de har få løyver, og sluppe billig unna, påpeika kommunalsjef for kultur, næring og samfunn, Kristian Bondhus-Jensen, under synfaringa på Hjøllo før den politiske handsaminga.

Det einaste punktet i rådmannen si innstilling som vart diskutert, var punktet om utforminga av administrasjonsbygget. Lothe ønskjer å bygge eit administrasjonsbygg på campingen, utforma som eit langhus og ei stavkyrkje. Dette er rådmannen og fylkeskommunen skeptisk til, som meiner det visuelle uttrykket av bygget må vurderast mot resten av Odda som industristad.

Saka held fram under biletet.

Under synfaringa sa Lothe sjølv at det ikkje er alle som er interessert i ein ny Ovn 3, og at historia til Odda strekk seg lenger tilbake enn industrialiseringa.

– Det er nok skrap å sjå på her, sa Lothe medan han peikte på Smelteverkstomta, og haldt fram:

– På Hjøllo har det vore gamle gardar, og dette området er utanfor Smelteverkstomta.

Han fortalde vidare at han ønskjer å bygge ein garasje på nedste plan på tomta, som naudetatar og beredskap skal kunne nytte, men dette vart avvist frå administrasjonen si side då beredskapsfunksjonar ikkje kan etablerast der det er naturfare. Administrasjonen peika vidare på at eit slikt næringsområde ikkje er, etter deira syn, i samsvar med den andre aktiviteten som er planlagt på området.

– Dette er noko av det mest positive som har skjedd i Odda på lang tid. Når det gjeld punkt 11 (administrasjonsbygget) må det bort. Kvifor skal me ha meir som liknar på industrien her inne? spurde Solfrid Elisabet Horne Moe (Ap) under debatten.

Dette var alle andre i utvalet einige om, utanom Høgre.

– Me heier på Lothepus. Det er det ingen tvil om. Men eg er litt einig med kommuneadministrasjonen i punkt 11. Kanskje me bør ha ein runde to på stavkyrkje-preget. Det vert veldig synleg, og eit Ragnarok-preg heile tida, kommenterte Inger Synnøve Vestrheim (H).

Sakshandsamar Sigrid Halldorsson peika på at etter deira faglege vurdering må alle punkta i rådmannen si innstilling på plass.

– Me hadde òg ønskt ei betre løysing i framkant, men då hadde saka kome opp i møte i september.

Vidare sa ho at dersom ein tek bort rekkefølgekrava, som utgjer fleire av punkta i innstillinga til rådmannen, kan ein ikkje krevje at desse tiltaka kjem på plass på eit seinare tidspunkt. Rekkefølgekrava er der for å sikre at tiltaka vert gjennomført.

Under vorteringa gjekk politikarane for alternativ tilråding i punkt to, om at industribygg på tomta ikkje vert tatt ut av planen, men at det vert lagt opp til ein snuhammar. Dette gjekk gjennom med ni mot åtte stemmer.

Punkt 10 om rekkefølgekrav til leikeplass, vart vedtatt mot éi stemme (Finn Hagen, FrP), og punkt 11 vart avvist med 14 mot tre stemmer, om det visuelle uttrykket av administrasjonsbygget.