BEREDSKAP [Kvinnheringen]: Dersom det blir utslepp av radioaktivt jod, er jodtablettar eit aktuelt tiltak for å beskytta mot seinskadar som kreft i skjoldbruskkjertelen.
– Ein kan fylla opp skjoldbruskkjertelen med naturleg jod framfor radioaktivt jod ved å ta tablettar. Dette kan hindra at ein utviklar kreft i seinare alder i skjoldbruskkjertelen, fortel kommuneoverlege Glenn A. Oppdal.
Det er spesielt dei som er i vekst som har ein aktiv skjoldbruskkjertel og brukar mykje jod. Oppdal peikar på at risikoen for seinskadar er størst hos barn, unge, gravide og ammande om ein skulle bli eksponert for radioaktivt jod.
Reseptfritt
I Kvinnherad kommune er det no plassert ut jodtablettar ved skular og i barnehagar, samt på helsestasjonen og legevakta.
– Om vi skulle vera ute for eit atomuhell, er det råda å halda seg innandørs, så difor er det ønskjeleg at alle kjøper dette og har det liggande heime. Ein kan no få kjøpt jodtablettar reseptfritt på apoteka og dei har god haldbarheit.
Oppdal håpar vi aldri vil måtte nytta jobtablettane, men oppmodar alle å hugsa kor ein legg det i huset i tilfelle ein treng dei ein dag.
Saka er henta frå Kvinnheringen