Anna og Arvid Bratthammer kjente på lukka då testen viste to strekar. Veker seinare blei livet snudd opp ned.

Anna frå Seimsfoss, bur i dag i Kopervik på Karmøy saman med mannen Arvid og døtrene Alina og Maria på 6 og 4 år.

Anna og mannen har valt å vera opne om situasjonen dei står i, både for seg sjølve og for å hjelpa andre. Det er årsaka til at dei takka ja til å dela historia si i Kvinnheringen då spørsmålet kom.

Gledestårer

Dei to jentene skulle bli storesøstrer. Arvid skulle bli biologisk pappa for første gong i september.

At det var liv i magen, var det aldri noko tvil om.

Mamma Anna blei så kvalm den første tida i svangerskapet at ho måtte sjukemeldast. Ein så ekstrem kvalme kunne mellom anna koma av mykje hCG (humant choriongonadotropin) eit hormon som først og fremst blir danna ved graviditet. Det var beskjeden frå jordmora.

Det blei antyda at det kanskje kunne vera to spirer som var i ferd med å veksa inni magen, og at det kunne vera greitt med ein tidleg ultralyd for å sjekka dette.

17 veker på veg møtte Anna og Arvid opp på sjukehuset i Haugesund, fulle av spenning og forventning.

Då undersøkinga begynte var det ikkje to små der inne likevel, men legen kunne sjå to bein, ein liten mage og nokre armar. Alt såg ut til å vera i skjønast orden.​

– Det er så kjekt å sjå slike velskapte barn, sa legen til dei to, medan undersøkinga heldt fram. 

Anna og Arvid hadde for lengst latt gledestårene trilla nedover kinna.

Men så.

Gledestårene tørka fort inn då legen fekk eit alvorleg preg over ansiktet.

Legen måtte gå ut for å henta ein kollega, og etter nok ei vurdering kom beskjeden.

– Beklagar, men vi trur fosteret har ein sjeldan tilstand kalla akrani, fekk foreldra forklart.

Verken Anna eller Arvid forstod kva dette innebar.

– Vi trudde kanskje ungen kunne ha ein sjukdom som medførte noko funksjonshemming, men då vi spurde om det var til dømes som Downs Syndrom, fekk vi til svar at dersom det var rett det legane trudde dei såg, så var det ikkje foreneleg med liv.

Anna hugsar ikkje så mykje etter dette. Sjokket sette seg så hardt i ho at Arvid tok resten av praten med legane.

Han fekk forklart at akrani var ei medfødt, sjeldan misdanning der skalletaket manglar heilt eller delvis hos fosteret. Vidare at det ikkje var genetisk, men at dei to berre hadde vore veldig uheldige.

Legane ved Haugesund sjukehus ville ikkje vera skråsikre i si tolking av ultralyden, og beklaga dersom diagnosen skulle visa seg å vera feil.

– Det var så fjernt for meg

Ved mistanke om akrani hos foster må også eit anna sjukehus bekrefta tilstanden. Slik er reglane, og dermed bar det til Haukeland.

Der var det ekspertar ved ultralydlaboratoriet som tok imot dei. 

Då var det ikkje lenger noko tvil. 

– Nei, dette er ikkje foreneleg med liv, var konklusjonen også der. 

Dei to blei rådd til å avslutta svangerskapet. Fjerna fosteret som likevel ikkje ville leva utanfor mamma sin mage. 

Men for Anna, som hadde kjent sparka, høyrt hjarteslaga og snakka med det vesle barnet i magen, var det eit grufullt val å ta stilling til.

Ho hadde dessutan vore gjennom to graviditetar før, og morsinstinktet var like sterkt for babyen i magen, som det var for døtrene på fire og seks år. 

Dei valte dermed å ikkje avslutta svangerskapet, og vetlesøster fekk etter kvart namnet Ella. 

– Eg hadde aldri trudd eg nokon gong skulle stå overfor problemstillinga abort eller ikkje abort. Det var så fjernt for meg. Sjølv om det ikkje er meint som krenkande for andre som har måtta ta eit val, så er det berre slik eg er. Arvid og eg deler trua og dei same verdiane og tankane rundt abort. Det skal ikkje vera opp til oss kven som skal få leva og kven som skal døy, forklarar Anna. 

Anna presiserer at dette er det som er rett for dei to, og at det slettes ikkje er slik for alle. 

Dette er akrani

Akrani er ei medfødt misdanning hos fosteret, karakterisert ved mangelfull utvikling av skallen eller ein større del av skalletaket. Akrani opptrer ofte i kombinasjon med anencefali, der storhjernen manglar, eller er svært mangelfullt utvikla.

Ifølge seksjonsoverlege ved Helse Fonna, Klaus A. Oddenes, er misdanninga dødeleg og eit foster vil ikkje kunna overleva. Han legg til at det ikkje er noko grunn til å tru at tilstanden er smertefull for fosteret.

– Det er om lag 20 tilfelle av akrani i Norge kvart år, noko som i Helse Fonna vil gi om lag eitt tilfelle anna kvart år. Men sidan det er så sjeldan vil talet kunna variera sterkt, fortel Oddenes.

Oddenes ønsker ikkje å seia noko om kva råd gravide kvinner får frå sjukehuset ved stadfesting av akrani hos foster.

Eit brutalt liv

Då vi møter Anna ved den vakre Åkrasanden ein solrik og mild junidag, er ho 24 veker på veg. I magen er det framleis full aktivitet.

– Eg er til jordmor på kontroll ein gong i veka for å høyra etter hjarteslag. Dei dagane er både fine og veldig vonde. Det skapar mange tankar i ettertid, samstundes som ein jo er veldig uroleg før ein høyrer det vesle hjarta. Vi går med sorga over at vi ikkje veit kor lang tid vi får med Ella, eller om vi i det heile kjem til å kjenna pusten hennar. Samstundes er vi takksame for kvar dag det er liv i magen.

Anna er framleis sjukemeldt og går endå på medisin mot kvalmen. Også den psykiske påkjenninga graviditeten har vore, har gjort at ho ikkje er i stand til å stå smilande i interiørbutikken Heim Sigurd Svendsen å hjelpa kundar som kjem innom.

Psyken svingar frå dag til dag, time til time.

– Eg er utruleg takksam for Arvid, som har tatt seg av alt anna, slik at eg skal få koma til hektene. Eg har vore innom alle kjenslene frå sorg til skam, men det viktigast for oss er at Ella ikkje har det vondt. Hjarta hennar slår, og pulsen er heilt normal. Ho er litt mindre enn normalen, som er vanleg ved akrani, men det er det jo mange friske barn som er òg, seier ho.

Av legane fekk ho bekrefta at den fine pulsen til Ella er eit teikn på at ho ikkje kjenner på smerter der ho ligg i magen til mamma. 

Nokre har også lurt på kvifor Anna ønsker å utsetta seg sjølv for denne påkjenninga.

– Til sjuande og sist handlar det berre om ei mor som vil beskytta ungane sine. Fødd eller ufødd, er svaret hennar på skepsisen.

Dei to jentene heime er godt informerte om veslesøster. Dei veit at ho er inni magen til mamma, at vesle Ella er sjuk og at ho ikkje vil rekka å bli stor.

– Vi tok kontakt med helsestasjonen her lokalt, for å få rettleiing om korleis ein skal snakka om denne typen ting med så små barn. Det var til stor hjelp, og jentene har tatt det veldig fint.

Sorga har for lengst blitt ein del av kvardagen til den vesle familien, som fort kan drøfta spørsmål rundt gravlegginga medan dei kjevlar ut pizzadeigen ein fredag etter arbeid og barnehage.

– Den siste tida har gitt meg eit anna perspektiv på ting. I starten var eg veldig sint. Sint for at denne sjeldne sjukdomen måtte råka vår familie. Sint for at Ella ikkje får leva. Sint for at eg kjente på eit press om å ta abort. Sint for at vi først trudde vi hadde to små inni magen, til å ikkje ha noko. Sint for at Maria ikkje blei storesøster for første gong og sint for at Arvid ikkje fekk oppleva glada ved å ha skapt eit lite menneske.

Men det var feil. For noko var det jo der inni magen. Vesla Ella var ein del av familien, uansett kva som kom til å skje. Jentene ville trass alt bli storesøstrer, og Arvid blei biologisk pappa. Det kunne ingen ta frå familien på fire.

Ella skulle leva vidare i minna. Ella skulle få leva i magen så lenge ho klarte. Ella skulle få ein verdig slutt på livet, og ein stad der resten av familien kunne besøka ho.

Ei grav.

I staden for å lesa testar på bilstolar, vogner og krybber, har paret måtta søka informasjon om den praktiske delen av døden. Som til dømes korleis tida etter fødselen vil bli.

– Vi hadde så mange spørsmål vi ikkje klarte å finna svar på, som også gjorde oss redde og sinte. Som til dømes kva som skjedde med Ella etter fødselen. Vi frykta vi måtte reisa heim frå sjukehuset utan ho. Då sa eg til Arvid at: nåde dei som trur eg kjem til å reisa frå babyen min. Det kjem aldri til å skje!

Men det var heller aldri meininga. For Ella skal bli med heim til Kopervik. På ei kjølemadrass i den vesle kista. Der familie og venner skal få helsa på ho. Og så ta eit siste farvel.

Anna og Arvid har eit håp om at dei skal få kjenna Ella sin pust. Timar eller minutt utanfor magen.

– I denne tunge situasjonen har håpet vi kjenner vore ei viktig livbøye. Samstundes som vi også er opptatt av å vera realistiske.

Stor støtte

Anna har heile vegen opplevd stor støtte frå familie og partnar. Det har gjort prosessen enklare.

I tillegg valte Anna nyleg å dela historia si på Instagram, noko som ifølge ho sjølv har vore til stor hjelp .

– Eg fekk så mange meldingar, rundt 200. Eg håpar å få svart alle på sikt, og eg er utruleg takksam for all responsen - det var heilt overveldande. Eg har blitt kontakta av alt frå perifere kjenningar som eg ikkje har snakka med på årevis til vilt framande menneske, som vel å dela historia si med meg. Nokre har aldri delt det med andre før. At dei vil dela det med meg kjenst som ei utruleg flott tillitserklæring, samstundes som det jo får ein til å tenka.

Anna trur tema som abort og svangerskap som ikkje går knirkefritt framleis er tabu.

– Også hos meg streifa tankane om kva det var eg hadde gjort gale sidan dette skjedde. Kva kunne eg ha gjort annleis? Var det for lite Jod? Var det noko anna? Ein blir jo veldig paranoid, og ein kjenner nok heilt klart på ei skam som ikkje har rot til røynda. For det var ikkje noko vi hadde gjort feil. Eg debatterte lenge om eg skulle dela erfaringa mi på sosiale medium, og det var absolutt ikkje sjølvsagt. Ein blottlegg jo det inste og mest sårbare ein ber på. Eg spelte inn ein film som eg gjekk fleire rundar med meg sjølv om eg skulle legga ut. Eg la til slutt ut filmen i håp om å finna nokon som kanskje hadde vore borti noko liknande. Samstundes er det eit tema med mykje tabu, og vi ønskte å bryta dette tabuet.

Anna og Arvid har trass alt tatt eit uortodokst val om å bera fram barnet. Desto viktigare har det vore for dei å visa at det finst andre alternativ.

– Det er veldig lite data på babyar fødde med akrani. Det er fordi dei fleste som får denne beskjeden vel å avslutta svangerskapet. I dei andre tilfella er det også ein stor risiko for at babyen ikkje overlever heile svangerskapet. Vi veit ikkje kva vi kan venta oss om eller viss dagen kjem, men ved å vera opne kan vi kanskje hjelpa det neste paret som står i vår situasjon. Nokon å relatera seg til, støtta seg på og læra av. Å vera opne har iallfall hjelpt oss mykje.

Saken er hentet fra Kvinnheringen.