Gå til sidens hovedinnhold

Åtte grep for å skaffe arbeidskraft til landbruket

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Pandemien har skapt store utfordringar for landbruket. Smittevern og trong for streng grensekontroll er årsaka til at færre gjestearbeidarar får kome inn til Noreg. No gjeld det å rekruttere så mykje norsk arbeidskraft som mogleg, og det jobbar regjeringa med.

Her er åtte viktige grep regjeringa har gjort for å bistå landbruket.

Regjeringa har sytt for at personar som mottek dagpengar og tek seg jobb i landbruket berre rapportere halvparten av timane. Slik vil det lønne seg å ta seg jobb i landbruket.

Regjeringa har sett av 140 millionar kroner til sommarjobbar for unge under 30 år på NAV. Bonden kan difor få lønnstilskudd og høve til mentorstøtte for å tilsette ungdom.

Regjeringa har innført biomidler til intern opplæring i på garden, dette kan bonden søke om via fylkeskommunane

Regjeringa har i tillegg sytt for at landbruket, som einaste næring, får sin eigne kvoteordning for å få inn arbeidskraft frå utlandet, og mange har allereie søkt landbruks- og matdepartementet om dette. Vi ser sjølvsagt at utenlandsk arbeidskraft med spesialkompetanse også er naudsynt i landbruket, slik det er i andre bransjar.

Regjeringa ser at situasjonen skaper mykje ekstraarbeid og uro hjå bøndene. Regjeringa har difor lagt tilrette for at bonden ikkje skal bære risikoen aleine og har videreført ordninga frå i fjor; avlingsskadeerstatning basert på manglande arbeidskraft vert innvilga.

Regjeringa har sytt for at utenlandske arbeidarar som er i landet har fått forlenga opphaldstillatelsen sin, og koronafaste arbeidere fra tredje land har fått fornya opphaldstillatelse.

Regjeringa har også lagt til rette for ein tettere dialog mellom NAV og næringa for å finne norsk arbeidskraft. Kvart fylke har difor ein egen kontaktperson opp mot landbruket, og landbruksorganisasjonene jobber tett opp mot NAV for gode tiltak og kvalifisering av arbeidskraft.

Regjeringa setter også av 40 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til opplæring av norske sesongarbeidarar.

Vi må framleis ta på alvor situasjonen vi står i, og må halde fram med strenge innreisekrav for å hindre smitte. Dette er utfordrande for bonden, og vi gjer det vi kan for å finne gode løysingar saman med organisasjonane.

Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant Høyre

Marget Hagerup, Stortingsrepresentant Høyre

Lars Einar Hollund, Sveio Høyre

Lars Olav Bergsvåg, Etne Høyre

Kommentarer til denne saken