(Hardanger Folkeblad): – I 2017 og 2018 mista me mange norske turistar, då Trolltunga vart forbunde med søppel og redningsaksjonar. Likevel var det vekst, fordi det kom enormt mange utanlandske turistar, seier Jostein Soldal.

Mannen som har bygd opp turismen knytt til Trolltunga meiner at dei mange redningsaksjonane i 2016 avskrekka nordmenn frå å ta turen i åra etter. Samstundes kom det mange utlendingar i åra før pandemien.

– Me ser no at det i 2020 og 2021 vart gjort ein veldig god jobb mot den norske marknaden, og det har vore veldig mange nøgde turistar her, kommenterer Soldal, som no trur at me går mot ein sesong der både nordmenn og utlendingar tek turen til Hardanger.

Villtelting

Gründeren understrekar at han ikkje har fasiten, men viser til at indikasjonar frå bookinga til både Trolltunga Hotel i Odda og Trolltunga Active tyder på at det vert ein rekordsesong. Soldal stiller dermed spørsmål til om regionen er førebudd på kaoset dette kan føra til.

– Eg tenkjer på 2019 då det var mykje villtelting og dagar med kaos. Om me legg dette saman med 2021-besøket, så trur eg det er på tide å gjera ting for å førebu seg på dette, meiner turistverten.

Han meiner at lokale bør vera innstilte på at det vert venting i vegkryss, at ein i Tyssedal kan få utfordringar knytt til parkering og at det kan verta kø for å gå ut på Trolltunga. Soldal er sjølv usikker på kva som vil vera effektive tiltak.

– Dette kan verta ei vond erfaring, men om me førebur oss kan det gå godt. Me må ha ein plan om handsaming, slik at det ikkje plutseleg kjem overraskande, forklarar Soldal.

Rekord?

I 2018 var det 87.000 som tok turen til Trolltunga, og året etter kom det 81.000. 2019 var det siste normalåret før pandemien sette inn, og Trolltunga AS håpar at ein kjem attende til dette nivået denne sesongen.

Jostein gjorde tidenes feilvurdering. No trur han på tidenes sesong

– Me synest det er kjempekjekt at folk no kjem attende. Vanlegvis har det vore 90 prosent utlendingar, men i fjor var det 53 prosent utanlandske gjester, fortel dagleg leiar Åse Marie Evjen.

Ei ny undersøking frå NHO reiseliv syner at andelen nordmenn som skal feriera i heimlandet er høgare enn før pandemien. Evjen syner til at vêret vil vera ein avgjerande faktor for kor mange besøkande det vert til fjellformasjonen over Ringedalen i år.

– Frå vår side har vi prøvd leggja inn alle overnattingsstadar i nærleiken på nettsidene våre. Det er mange fine stadar ein kan bu i Ullensvang kommune, kommenterer Evjen.

Informasjon

Samstundes understrekar ho at også Lothepus trekkjer reisande til Odda, og at alt besøket fører til positive ringverknadar for mellom anna handelsstanden, etestader og Siderbåten. Det er mange som har fått augo opp for at Hardanger har veldig mykje å by på og vert her i fleire dagar.

– Målgruppene komplimenterer kvarandre. Mange av dei yngre og utanlandske skal gjerne til Trolltunga, medan eldre nyttar andre aktivitetar, meiner den daglege leiaren.

– Merker «Lothepus-effekten»

Ho legg til at ein nett er ferdig med vegarbeid langs Skjeggedalsvegen, der ein mellom anna har sikra mot ras og malt tunnelen kvit for å gjera det tryggare å gå. Vidare er parkeringsvaktene klare for innsats, og fjellvaktene har kome på plass.

– Me prøver å få ut best mogeleg informasjon, understrekar Evjen, og viser til at dei prøver å nå fram via internett, skilt og ikkje minst frå parkeringsvertane og bussjåførane som møter gjester.

Dei siste åra har det vore 10–12 redningsaksjonar i året, og dette har gjerne vore overtrakk eller andre lette skadar. Evjen viser til at dette er ting som kan skje kvar som helst, og håpar tiltaka har ført til ei varig stabilisering av aksjonar.

Her flyter bosset. Nå settes det inn tiltak

Positiv innstilling om Hjøllo Camping vidare til kommunestyret

Denne artikkelen er henta frå Hardanger Folkeblad.