– Dette er vår lønn

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Odda Røde Kors fekk samfunnssikkerhetprisen for 2016.

DEL

ODDA (HF): Bjørn Arild Fjeldsbø og Per Magne Eikeland tok i dag imot prisen på samfunnssikkerhetskonferansen, som blir arrangert av direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap. Deltakarar frå heile beredskapsnoreg var til stades då oddingane tok imot den gjeve prisen for dei mange krevjande redningsaksjonane ved Trolltunga i fjor.

– Det er veldig stort at dei legg merke til den jobben me gjer, seier Eikeland.

Odda Røde Kors tok imot prisen på vegner av Røde Kors lokallag, og dei ser på prisen som eit symbol på det arbeidet som blir lagt ned i alle hjelpekorpsa rundt i landet.

Ekstra motivasjon

– Dette betyr veldig masse for oss. Det er vår lønn, seier Eikeland.

– Det er ei anerkjenning på at me gjer noko riktig, noko som er nyttig for samfunnet, legg Fjeldsbø, som i helga også vann Haugesund journalistlag sin pressepris, til.

Dei meiner at å vinna slike prisar gjer at både gleda dei har over å hjelpa andre, samt samhaldet dei imellom, blir forsterka.

– Denne prisen er også spesiell fordi den er gitt til oss av ein jury som består av fagpersonar, seier Fjeldsbø.

At arbeidet dei gjer skulle bli så breitt lagt merke til, hadde dei aldri forventa.

– 2016 var eit fantastisk år. Det var også utruleg mykje å gjera med redning. og det gjekk slag i slag heile året. Då er det ein ekstra motivasjon å få ei slik anerkjenning, seier Fjeldsbø.

– Det er viktig, ikkje berre for Røde Kors som organisasjon, men også for alle i den frivillige redningstenesta, at folk ser kva arbeid me gjer, seier Eikeland.

Fjeldsbø legg til at det ligg mange kilometer, timar og vonde kne bak prisen, samt veldig mange telefonsamtalar med pressa.

Dei meiner begge det er kjekt og lærerikt å få delta på samfunnssikkerheitskonferansen i Oslo.

– Me får knytt kontaktar og komma med meiningar som me føler blir lytta til, seier Eikeland.

Grunngjeving

I grunngjevinga til juryen står det at lokallaga til Røde Kors er gode eksemplar på korleis viktige humane verdiar blir gjort om til praktisk og konkret innsats og tiltak for å gjere det tryggare å bu og opphalde seg i lokalsamfunn.

Dei meiner dei mange aksjonane ved Trolltunga i 2016 og tidlegare år er eksemplar på korleis kombinasjonen av dugnadsvilje, innsatslyst og medmenneskelege haldningar bidrar til å redda liv til fastbuande og turistar som av ulike grunnar har behov for hjelp når dei er ute i naturen.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags