Også i Haugesund strøymer det på med menneske som i hui og hast har måtta reisa frå alt dei hadde for å koma seg bort frå krigen som raser i heimlandet.

Det er stort sett kvinner og born/ungdommar som kjem, for mennene må vera att og bidra i den blodige dugnaden som kravst å driva inntrengarane tilbake.

Her er mang ein tung lagnad der tapet ikkje berre er det materielle om enn det kan vera tale om heile livsverk, men at familiar blir splitta med den heilt reelle uvissa om ein nokon gong vil sjå sine kjære att i dette livet. At mange er traumatiserte av krigserfaringane, er dessverre òg ein del av det store bildet.

Dei blir så mellombels innkvarterte og får det mest nødvendige, men alt er nytt og annleis, ikkje minst språket. Dette er menneske som har hatt utkome og har vore vane med både å forsørgja seg sjølv og familien, men så blir dei berre sittande og venta utan å ha styring på livet sitt som før.

Styremaktene gjer sitt beste for få rask saksgang i dei byråkratiske rutinane og så er det opp til oss frivillige å tenna litt lys i eit mørkt tilvære.

Om det er gråvêr og vasskaldt, går det likevel an å gje varme og fellesskap i Byparken nokre timar ein søndags middag.

Haugesund KFUK-KFUM fekk utfordringa denne dagen og stilte med enkle fysiske aktiviteterar, pinnebrødlaging, kaffi, kaker og mykje prat. Den moderne teknologien gjer det muleg å snakka på tvers av språkgrensene og er ein skikkeleg sosial isbrytar! Kring tretti frå vårt krigsherja broderfolk var der og femten som bidrog frå oss.

Skikkeleg hyggeleg var det og kan sterkt tilrås for andre med, for me skjøna kor gyldig det gamle ordtaket er: «Det er betre å tenna eit lys enn å forbanna mørket!»

Oppmodinga er derfor klar: Bli med som lysetennarar!