Kyrre Lindanger gir seg

Åtte år er nok: Ordførar Kyrre Lindanger synest det har vore interessant å jobba med Rogfast. ¬Arkivfoto:  Gaute-Håkon Bleivik

Åtte år er nok: Ordførar Kyrre Lindanger synest det har vore interessant å jobba med Rogfast. ¬Arkivfoto: Gaute-Håkon Bleivik

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kyrre Lindanger meiner åtte år er nok og stiller ikkje som ordførarkandidat i Bokn kommune neste haust. Men han trur ikkje den neste ordføraren blir den siste.

DEL

BOKN: Kyrre Lindanger vart ordførar i den vesle kommunen etter valet i 2007. Lindanger representerer Arbeidarpartiet og fekk mange personstemmer.

Han fekk ny tillit i 2011.

Det er ikkje vore nominasjonsmøte for Ap på Bokn ennå, men i eit juleintervju på TV Haugaland røpte Lindanger at han ikkje tek attval til hausten.

– Ja, det stemmer.
– Kvifor?
– Det er gjerne mange grunnar for det, men eg synest åtte år, to periodar, er nok. Det blir gjerne slik at den fyrste perioden set ein ting i gang. Den andre er det gjennomføring. Nå er eg godt nøgd me kva me har fått til, seier Lindanger.

Politi-kk

Lindanger kom til politikarjobben frå politiet.

– Eg har ei stilling som ventar på meg der, ved Tysvær lensmannskontor. Det gir tryggleik. Men eg vil bruke tida som er att av perioden til å kikke rundt litt og sjå om det opnar seg noko, seier Lindanger.
– Ser du da mot næringslivet?
– Det kan vera i næringslivet, men eg har i desse åra fått god kjennskap til kommunesektoren, så det kan òg vera noko der.

Tek pause

Kyrre Lindanger har vore ein av dei tydlegaste talsmennene mot kommunesamanslåing.

– Er det frykt for samanslåing som gjer at du nå hoppar av?
– Nei. Men det er ikkje eitt år du seier ja til, det er fire. Og dette tek mykje tid. Familien må òg ønska at ein skal halda fram.
– Gjorde dei andre ikkje det?
– Eg trur dei synest det er greitt eg gir meg. Men dette har ikkje vert heilt lett. Eg har gått mange rundar med meg sjølv.

Lindanger seier han tek pause. Han skal ikkje stå på noko liste ved valet til hausten.

– Men om det skulle bli aktuelt å ha ei anna rolle, vil eg vurdere det.

Lindanger understrekar at han korkje er ferdig med Arbeidarpartiet eller politikken – eller Bokn. Det er ikkje flytting på gang.

Fiber og Rogfast

– Kva er du mest nøgd med i desse snart åtte åra?
– Det har vore ei særs spanande tid å vera lokalpolitikar i Bokn. Eg vil trekkja fram Rogfast. Det har vore kjekt å vera ein del av dette arbeidet. Elles er eg glad for at me fekk til ein avtale med Haugaland Kraft om fibernett til kommunen, seier Lindanger.

Han trekker også fram at dei fekk bruka stein frå T-forbindelsen til kommunal småbåthamn i Alvestadkroken, og at det nå skal byggjast fleirbrukshall i Førresvik.

– Det arbeidet kjem godt i gang før eg går av. Alt i alt trur eg kommunen er godt rusta til tida med Rogfast, seier Kyrre Lindanger.
– Kva har skuffa deg i desse to periodane?
– Det er ei sak som irriterer meg ennå, der me ikkje fekk til ei god løysing. Dette gjeld ambulansetenesta på Bokn. Der hadde me eit samarbeid med Helse Fonna; me heldt mannskap og dei bil. I 2010 kom det nye kompetansekrav. Me freista å få til dette, men her blei det gode det bestes fiende. For eitt år sidan måtte me leggja ned denne tenesta, seier Lindanger.

– Rista av oss dette òg

– Trur du den neste ordføraren blir den siste i Bokn kommune?
– Nei! Det er eg programforplikta til å seia.
– Men nå spør me ikkje kva du meiner, men kva du trur.
– Eg trur me på Bokn skal klare å rista av oss dette òg, seier Lindanger.

Artikkeltags