Hytte selt til fem millionar: – Dette er ikkje kvardagskost, seier meklar

Hytte i Eidfjord: Gjekk for over fem millionar. foto: herland eiendom

Hytte i Eidfjord: Gjekk for over fem millionar. foto: herland eiendom

DEL

(Hardanger Folkeblad:) HF har tidlegare skrive at salet av fritidseigedomar i Eidfjord går så det susar. Men det er ikkje kvar dag at det blir selt hytter til over fem millionar kroner i kommunen. Det kan eigedomsmeklar i Herland Eiendom, Ådne Holestøl Hognerud stadfesta.

– Det er bygd ein del dyrare hytter dei siste åra, men det er ikkje så mange som har blitt selde endå, seier han.

Det var derfor ikkje kvardagskost då denne hytta på Maurseth med anneks, seks soverom og tre bad vart lagt ut for sal i fjor. Prisantydinga på fem og ein halv million vnar kanskje ein av grunnane til at kjøparane ikkje stod i kø med ein gong.

– Hytta vart lagt ut i ein periode med lite aktivitet på fjellet, men i haust tok det seg veldig opp. Den vart selt før jul, og dei nye eigarane har tatt over hytta og skal bruka den mykje framover, fortel Hognerud.

Hytta vart seld 400.000 under prisantyding, men meklaren synest det var ein god pris, og seljarane var svært nøgde.

– Det er naturleg at det er mindre interesse for ei såpass dyr hytte, men den vart seld til ein god pris, så det viser at marknaden er der, seier han.

– Det er mange som er på jakt etter fritidsdraumen i alle prisklassar. Så langt i år har vi hatt god respons på hytter og leilegheiter, vi hadde til dømes tre sal på leilegheiter førre veke, legg han til.

Artikkeltags