Bømlo Revylag rustar seg til sommarlege kveldar

.. i beste velgående på Bømlo. Fredag er det premiere på "Skråblikk og små stikk"

Artikkelen er over 2 år gammel

Bømlo Revylag er på hogget igjen og har denne gongen kalla sommarrevyen sin for «Skråblikk og små stikk».

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

BØMLO: Ingenting minner om sommar i Kulleseidkanalen. Temperaturen er som på ein kjølig oktoberdag, men inne i grindabygget til Opplev Bømlo er det godt å vera.

– Vi gler oss veldig til premieren. Dette er eit unikt lokale. Passeleg stort og kjekt å spela her. Denne gongen har vi vore to veker på scena med orkester. Vi har jobba og øvd mykje meir enn sist gong, seier Kurt Inge Larsen i revylaget.

I fjor fekk «Crazy Nights» ein heller lunken mottaking. Haugesunds Avis var kritisk og trilla så vidt ein firar på terningen.

Larsen seier at mykje blei rette opp, og responsen på dei andre framsyningane var god.

Essensen av bømlingen

No er revylaget tilbake med om lag same mannskap som på «Go' sos» frå 2013, ein revy som fekk terningkast fem i denne avisa.

Kurt Inge Larsen er igjen på scenen saman med Finn Daynes, Per Arne Moldøen, Anette Solstrand og Marianne Grønnevik.

I orkesteret finn vi kapellmeister Frode Kvandal, Frode Sæverud på tangentar, Knut Erik Gilje trommer og nykomlingen Tomas Håkonsen gitar.

– Korleis har de bygd opp årets revy?

– Vi har teke med smått og stort. Det skjer mykje på Bømlo. Vi har forma essensen av sjølve bømlingen. I år har vi kommuneval. Det har vi sjølvsagt laga noko på. Å få folk til å stilla på partilistene er ei utfordring, og å finna fram dei gode sakene, seier Moldøen.

Mykje lokalstoff

Han er frå Fedje i Nordhordland, men blir ikkje heilt bømling sjølv om han har budd på øya i 23 år. Anette Solstrand er lærar og har flytta til Stavanger.

– Det har blitt nokre telefonmøte og helgesamlingar, seier ho.

Årets revy inneheld ein god del lokalstoff. Aktørane som sjølv skriv tekstane sine har registrert at Bømlo er attraktiv kommune for naboane Stord og Fitjar. Friarane står i kø og vil til Bømlo som har styring på økonomien.

Bygdetroll, Bømlo sitt monsterkryss og den lokale kulturhappeningen Jazz og bokbad får nokre små stikk. Ikkje minst har Bømlo mange stader som er verd å sjå.

Sydendamer frå Åkra

– Vi har utruleg mange attraksjonar. Vi har tatt for oss heile øya og laga eit nummer med to små kinesarar som kjem til Bømlo, seier Solstrand.

Ho og Marianne Grønnevik plukkar fram Gladis og Britta frå sist dei spela revy saman. To frodige damer frå Åkra på Karmøy som er på sydenferie.

– Bømlo Revylag har ikkje vore redd for på spela på sex og underliv. Korleis er det i år?

– Vi har kanskje blitt litt meir sofistikerte og pakkar det inn. Å hinta i staden for å plumpa ut i er ein hårfin balanse, kjem det frå Per Arne Moldøen.

– Men vi har med oss pisk, skyt Solstrand inn med eit smil.

Undervegs i samtalen kjem revygeneral Ole Bergesen frå Fitjar inn i lokalet. Han er hyra inn for å koma med innspel og setja siste regi.

– Fitjar og Bømlo har tette samband. Eg skal sjå på prøvene og gi tilbakemeldingar.

– Korleis har responsen på din eigen revy, «Fitjar Forever», vore?

– Vi hadde premiere førre helg. Dette var den 16. sommarrevyen vår på rad. Det blir ikkje lettare med åra, men det gjekk denne gongen også. Når du har teltrevy må du gjera kompromissar og få til ein balanse. Kill your darlings er heilt nødvendig, seier Ole Bergesen, med eit lite nikk til revykameratane på Bømlo.

Artikkeltags