Gå til sidens hovedinnhold

Brev til AP si stortingsgruppa i samanheng med skulestrukturen i Sveio Kommune

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Til AP si stortings gruppa i samanheng med forslag frå AP, FRP og to uavhengige om å leggja ned to veldrevne skular i Sveio kommune.

Her er det AP som har fleirtal i lag med FRP og to uavhengige som hoppa av frå høgre rett etter valget. Administrasjonen i Sveio hadde bestillt Norconsult ( Telemarksforskning ) til å sjå på skulebruksplanen i kommunen noko politikarene var enig i. Når så skulebruksplanen kjem ut så konkluderar denna med at to skular burde leggjast ned fordi det var for dyrt å driva dei. Skulane som det er ynskje om å leggja ned er Valestrand og Auklandshamn. Noko nedlegging av skular var ikkje det som var blitt snakka om, men administrasjonen såg her ein mulighet til å spara penger, noko dei fekk med seg AP, FRP og dei to uavhengige på. I ettertid kom det fram at det var i underkant av tre millionar det var å spara på å leggja ned to skular, men desse tre millionar skal ifylgje posisjons partia brukas til å rusta opp dei tre skulane som er tenkt skal bestå og då er jo intet spart her. FAU i Valestrand og Auklandshamn fekk innsyn i admnistrasjonen og posisjonen sine argument i skulesaka og desse argumenta plukka FAU frå kvarandre ein for ein.

Denna skulesaka har skapt eit voldsomt engasjemang i kommunen og spesielt folk og familiar som bur i Valestrand og Auklandshamn er både opprørte og sjokkerte over at AP, FRP og dei to uavhengige vil leggja ned to velfungerande skular med tilsaman omkring 50 elevar på kvar av skulane, tilsaman 100 elevar. Det har vore spørreundersøkjingar ved desse skulane og her er både elevar og lærarar over gjennomsnitt fornøyde samstundes som foldrene er førnøyde.

Det har ikkje vore noko form for høyringar eller bygdamøter i Sveio kommune. FN sin barne konvensjon er ikkje vurdert og utfordringane med skuleskyss er heller ikkje vurdert. Førde skule som er den skulen som er tenkt å ta imot flest elevar er ikkje godkjent for så mange elevar som den då endar opp med etter samanslåing. Foreldre i Førde skulekrins har også signalisert sin bekymring for at det vart for mange elevar i Førde i forhold kva det er plass til.

Kvifor skal AP, FRP og dei to uavhengige sparka beina under to vinnarlag ? Både Auklandshamn og Valestrand er vinnarlag, to skular som er velfungerande og veldig viktige for heilskapen i bygdene. Skulle det varta så gale at skulane vart lagt ned så stengjer det for nye bustads områder og utvikling i Valestrand og Auklandshemn. Og kva skjer då med busetnad og utvikling i bydgene ? AP politikarar i kommunestyret har uttalt at det ikkje betyr noko for bygdene om skulane vart lagt ned. Slik uttale er ei hån mot bygdafolket og det er utruleg arrogant å koma med slike synspunkt.

Forstår ikkje Sveio AP sine kommunestyre representantar at det er ein symmetri mellom skuIe - busetnad - butikk -trivsel - tilgong til arbeid - rimelig avstand til arbeid ? I fylgje ein spørreundersøkelse er 3 av 4 av innbyggerne i kommunen imot å leggja ned skulane. Det var høgre som kontakta Sentio som er eit anerkjendt byrå for undersøkjingar. 3 av 4 eller 75 % er eit overveldande fleirtal. Det kan umulig tena AP som parti å leggja ned desse skulane i eit valgår og heller ikkje etter valget. Heller ikkje er det i tråd med AP sitt partiprogram som seier at det skal satsas på distrikta. By og land hånd I hånd som det heiter, sterkt sentrum gir sterke og levande bygder. Saka har skapa mykje unødig splid kommunen, ingen er tjent med det og det kjem ikkje noko godt ut av det. Det er skreve mange leserinnlegg i aviser samt innlegg I sosiale media i tllegg til personleg kontakt i eit forsøk på å få AP og resten av posisjonen til snu og bevare skulane slik folket ynskjer. Men posisjonen og AP står fast og ynskjer ikkje å bevare skulane. Når så mange som 75 % av alle innbyggjarane ynskjer å bevara skulane så burde AP lytta til det og tatt hensyn til folkeviljen. Eg har alltid trudd og meint at AP var eit demokratisk parti, men det som AP sine kommunestyre representantar i Sveio driv med har lite til felles med det sosial demokratiet ein forbind AP med. Sveio AP sine gruppemøter er lukka for medlemmer, her er det berre AP sine kommunestyre representantar som har tilgong. Ein må få lov å spørra om det er ein demokratisk måte i gjera det på ? Alle andre parti i Sveio har opne gruppemøter for medlemmer som ynskjer å delta.

I valgkampen så uttalte AP og alle dei andre partia i kommunen at skulestrukturen skulle bestå. Og det var me jo alle glade for å høyra. Men kva skjer så ? AP uttalar at at det var ein uheldig måte å uttala seg på ved å sei at skulestrukturen skulle bestå. Så her er det då fritt fram for AP å bryta valgløfter som vart gitt på eit offiselt valgkamp møte.

Det egentlig ufattelig at det er AP i Sveio som står på barrikadane og set alt inn på å leggja ned desse to velfungerande skulane. Skular som borna trivest i og ligg i nærmiljøet til borna der dei kjenner seg heime og kan møta skulekvardagen under trygge og kjente forhold. Det er som kjent i dei fyrste skuleåra at det er av stor betydning for borna å ha skule i sitt nærmiljø.

Er det ikkje i tråd med AP sitt partiprogram å skapa trygge lokalsamfunn og skapa vekst og utvikling i alle bygder i heila landet ? AP har desentralisering som eit satsingsområde i sitt partiprogramm, men Sveio AP driv det stikk motsett for her er det sentralisering som gjeld der ynskjet er å tilføra all aktivitet til Sveio sentrum. Hadde det ikkje vore mykje betre at politikarane samla seg saman og fekk til eit konstruktivt samarbeid slik at ein fekk ein god kommune å bu i for alle og der ein forstod at skulane er ein del av limet som gjer bygdene levande ?

Beste helsing

Jon Arne Valen

Valevåg

Kommentarer til denne saken