I alle mediane snakkar dei om at det er matmangel på viktige matvareprodukt i Noreg og elles i Europa, som har resultert i ein urovekkjande prisauke som grunna krigen i Ukraina.

Når politikarane i landet gøymer seg bak denne lettvinte argumentasjonen med at det er krigen i Ukraina som er årsaka til matmangel og den fortlaupande prisauken. Ja, då er det «hakkande gale» at det må ein krig til for at politikarane skal «fatta og begripa» at det er openbar jordbrukspolitikk som Stortinget og regjeringane har forfekta i mange år som er hovudårsaka til at landet har gjort seg svak med å bli så avhengig av matimport!
Eg meiner me kan lovprisa våre bønder gjennom generasjonar at dei har vore våre garantistar for at me har hatt mat på bordet!

Dette gjorde at det freista meg å stilla spørsmålet på Facebook; «om det er moralsk og rettvist at golfspelarane utøver sin lidenskap der me tradisjonelt gjennom tider har brukt områda til å produsera mat»?
Sjølvsagt kan detta gjelde andre område som ukritisk nytta matjorda til dømes; infrastruktur med firefeltsvegar og ulik utbygging av industri- og næringsbygg, samt disse «eigedomsbaronane» som får byggja «midt i potetåkeren».
Denne bevisste jordbrukspolitikken som politikarane har forfekta i så mange år, har sjølvsakt medverka til og tvinga bøndene i «kne», som då har resultert i at landet er blitt sårbart og avhengig av å importere 63 % av matprodukta. Dette har då resultert i at marknadskreftene får vilkårslaust råda over folkets daglige mat-budsjetter.

Utan atterhald kan ein no stadfesta kor «steikjande» gale det er med politikarar som skapar misnøye og usikkerheit, som eigentleg skulle vera dei pliktoppfyllande med å ivareta Noreg folks «ve og vel», og med å sikra at landet har; sjølvforsyning - sikkerheit og beredskap på plass som ein del av sjølvforsvar.

Det har gjennom tidene vore avgrensing av ulike varer i Norge, som har gjort at ein måta innføra rasjoneringar som historia kan vera den forteljande part om, men likevel evna ikkje politikarane å ta innover seg den lærdom om kva konsekvensar dette får for landet slik som det merkes i dag!
Rett nok gav den nye regjeringa med «Støre-ministeren» og «landbruks-og matminister Borch historisk løft, med å gi bøndene 11.5 milliardær som ingen regjering har gjort før, som gjer i håp om at bøndene er inne på det rette sporet når det gjeld jordbrukspolitikken framover, som kan skapast forutsigbarheit med levelege rammevilkår.

Og når ein ser kva den forrige regjeringa gav i subsidiar til el-bileigarane som sjølvaste «Erna» bidrog med som, etter mi meining, er ein rein populismegåve i 2019 med til saman 19.2 milliardær. Og med at ho favoriserte el-bileigarane framfor dei som skal produsera mat til landet.

Ein skal sjølvsagt ikkje undervurdera det «grønne skiftet» med omstillingar som naturens overmakter krev, men det er tilnærminga til det «grønne skiftet» ein må bli samde om.
Det nærmar seg at me skal gå til «stemmeurnene», og då vil det vera svært viktig å starte med kommuneval med å vise politikarane kor «skapet skal stå», med å setja politikarane i «jordbruks-arresten» som viser kven ein vil prioritere; el-bileigarane eller bøndene som gir oss mat på bordet.

I Noreg er det mellom, 80-100.000 golfspelarar med overkant av 200 registrerte banar med ulik storleik som varierer ifrå 800 til 1.300 dekar, og i tillegg kjem sikkerheitsoner – parkeringsplassar og administrasjonsbygg.

Eg vil meina at det er relevant og legetimt og stilla spørsmålet i ein slik situasjon med at det mangel på enkelte viktige matvareprodukt: «Nyttar golfspelarane forholdsvis for mykje av vår felles dyrka matjord», og vil det då vera naudsynt eventuelt med å redusera antal golfbanar i distriktene med at det er relativt få aktive spelarar?
Sjølv om denne sporten gjennom historien har vert nytta av elitesamfunnet fram til 80-90-talet, men som etterkvart er blitt meir utbreidd i ulike folkegrupper..
Det å få i gong ein diskusjon som skaper ein meir framretta jordbrukspolitikk der alle er med som vinnarar, som gjer at dei kommande generasjonane får ein trygg og føreseilegheit matproduksjon.

Avslutningsvis vil underteikna innrømma at han aldri har tatt i ei golfkølle.